Klokka 12.10 i dag skal fjerde runde i cupen trekkast på Ullevaal stadion.
NRK.Sport.no følger trekningen direkte her.
Menn 4. runde:
Haugesund - Viking
Tromsø - Alta
Aalesund - Sarpsborg 08
Fredrikstad - Odd Grenland
Strømsgodset - Start
Sogndal - Brann
Rosenborg - Lillestrøm
Hønefoss - Molde
Slik ble trekningen for kvinnenes kvartfinaler:
Røa - Arna Bjørnar
Stabæk - LSK Kvinner
Kolbotn - Medkila
Klepp - Trondheims-Ørn
Hjemme- og bortelag avgjøres senere.
14 av 16 videre
14 av 16 eliteserielag har tatt seg vidare frå dei førre rundane. Vålerenga og Stabæk er slått ut.
Men sjølv om nesten alle eliteserielaga berga seg vidare frå tredje runde, var det ikkje bare fryd og god stemning over alt.
Trenarkritikk mot forbundet
Fleire trenarar har denne veka gitt fotballforbundet kritikk for ulike ordningar i cupen, som til dømes at enkelte topplag har vore naudt til å spele borte gong på gong.
Aalesund som slo ut Hødd borte onsdag spelte sin sjette bortekamp på rad (cupen 2010 medrekna). Det fekk ein frustert Kjetil Rekdal til å rase.
– No er det kanskje snart på tide at vi får spele heime igjen. Men du veit jo aldri med forbundet vårt. Dei kan setja oss opp på bortebane igjen, seier Rekdal.
– Så du håpar det blir heimekamp no?
– Ja, det er vel kanskje vår tur til å sleppe å reise no.
– For få lokaloppgjer
I cupens fjerde runde kan alle møte alle, og det blir ikkje sett opp kampar i forhold til geografi.
Fleire lokaloppgjer blei spelt i tredje runde. Tromsø slakta førstedivisjonsslitaren Bodø/Glimt med 3-0 på Alfheim, og Byåsen rysta Rosenborg med å vere sekunder frå å vinna 2-1 heime.
Rosenborg berga seg med eit naudskrik, og vann 6-3 etter ekstraomgongar.
Men likevel meiner Odds trenar Dag Eilev Fagermo at det blir spelt for få av dei lokale «rivaloppgjera».
– Norsk fotball slit økonomisk. Vi har lisensordningar, klubbar blir trekt for poeng, det er fallande tilskuertall, også må vi til Kongsvinger, seier han etter Odds cupkamp torsdag.
– Skandale
Han tordnar mot fotballforbundet og meiner NFF kunne tilrettelagt for langt fleire lokaloppgjør enn dei har gjort, og at det økonomiske aspektet er viktig.
– Det er ein skandale. Cupen er et underholdningsprodukt, og det er underhaldning å sjå lokaloppgjer, rasar Fagermo til NRK.
Kvartfinale for kvinnene
Kvinnenes kvartfinaletrekning blir også klar i dag. Likt med herretrekninga vil den skje på Ullevaal klokka 12.10.