Hopp til innhold

Vurderer framtida til Eggenipa Opp

Arrangørane bak Eggenipa Opp vurderer å gi seg med motbakkeløpet i Gloppen. – Det går rett og slett ikkje an å vurdere, seier deltakar May Britt Buer.

May Britt Buer

MÅ BESTÅ: May Britt Buer meiner det er mange andre motbakkeløp enn Eggenipa Opp som bør vurdere framtida si. – Eggenipa Opp er eit fantastisk løp, seier ho.

Foto: Roy Raasholm Fause / NRK

Det er friidrettsgruppa i Breimsbygda IL som formelt står som arrangør. I praksis er det nabolaget under nibba som gjer jobben.

No ynskjer Olav S. Egge og naboane ein gjennomgang med friidrettsgruppa for å sjå på framtida til det 4.650 meter lange motbakkeløpet. Løpet har ein høgdeskilnad på 1.180 meter.

– Det er i alle fall ein del ting som må jobbast med. Ein må få eit anna opplegg på arrangementet. Det må gjerast uansett, seier Olav S. Egge.

Treng hjelp

Egge har vore med som arrangør sidan oppstarten i 2005. Løpet som startar ved siloen på Egge, hadde 138 deltakarar toppåret 2008. Då jubileumsutgåva gjekk av stabelen søndag stilte kring 80 løparar på startstreken.

Egge seier problemstillinga er samansett og konsentrert til økonomi.

– Slik sponsorsituasjonen er, så skal det godt gjerast å få økonomi i arrangementet utan fleire deltakarar. Det betyr at ein må jobbe meir med marknadsføring, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mot Eggenipa

HØGT: I løpet av den 4,6 kilometer lange turen mot toppen legg deltakarane bak seg 1.180 høgdemeter.

Foto: Kåre Nyland

Treng dugnadshjelp

Samstundes treng dei frivillige til å drikkestasjonar, å få vatn ut i løypa og til toppen 1.338 moh., samt funksjonærar i start- og målområdet. Dette har vist seg utfordrande.

Det er fleire arrangement i lokalområdet som krev dugnadsinnsats. I helga var det mellom anna arrangement i både Utvik og Hyen. Samstundes er det kjent at mange breimingar reiser på ferie når slåtten og countryfestivalen er over.

– Det er ikkje store staben som skal til, og har nok litt med å gjere kor tidleg ein planlegger. Vi var kanskje seint ute i år. Men når det er dei same som har stått for det i ti år, så byrjar det kanskje å slite på nokre av dei, seier han.

Få ledige datoar

– Det er ikkje aktuelt å flytte arrangementet?

– Det kan vere eit alternativ, men flyttar ein til hausten så blir det nye utfordringar. Eggenipa er ein høg og spiss topp, og vi toler ikkje for mykje nedbør. Hausten er gjerne mykje regn, så eg er litt skeptisk til å flytte til då.

– Samstundes er det mange motbakkeløp, så det er ikkje heilt enkelt å finne nye datoar, held han fram.

Vil diskutere

Difor ynskjer også Egge at idrettslaget i større grad blir med på arrangørlaget. Spesielt for å kunne takle arbeidet med både marknadsføring og sponsorar.

Ei slik løysing er leiar i friidrettsgruppa, Reidar Moldestad, gjerne med på å diskutere. Han er samd i at dette bør på bordet allereie i haust.

– Vi må ha ein gjennomgang på dette, for Eggenipa Opp har livets rett, seier Moldestad og ikkje ynskjer å sjå arrangementet forsvinne frå terminlista.

– Heilt spesielt

Det vil heller ikkje May Britt Buer som søndag sette ny løyperekord og tok sin femte siger i motbakkeløpet.

Ho vil ikkje høyre snakk om at framtida til Eggenipa Opp skal opp til vurdering.

– Det er så pass fantastisk og spesielt løp på mange måtar. Den gjestfriheita og openheita som arrangørane viser, møter du ikkje mange stader. Dei har alt på tunet, du får låne toalett og kjøkken, dei lagar lappar og kaker. Det er heilt utruleg, seier Buer.

– Må ta tak

– I tillegg er det eit fantastisk fjell som fortener mange, mange fleire besøkande. Løpet har potensial til å få mange deltakarar, held ho fram.

Samstundes forstår Buer at det ligg ein del arbeid bak å arrangere eit slikt løp. Og at det gjerne burde få ei meir «profesjonell» form.

– Eg håpar idrettslaget tek tak i dette, slik at Eggenipa Opp får bestå. At dei ser den verdien motbakkeløpet har for heile bygda, seier ho og held fram:

– Eg lovar å gjere min del og skal gjere alt for å få med meg ein fin gjeng.

– Klarer du det?

– Eg håpar det. Sjølv kjem eg i alle fall så lenge eg er oppegåande og ikkje er skadd. Det garanterer eg.