Hopp til innhold

Vil ikkje fjerne konsesjonslova

Fylkesårsmøte i Senterpartiet ønskjer ikkje å fjerne konsesjonslova slik regjeringa har føreslått. Sogn og Fjordane Senterparti ynskjer heller ein heilskapeleg gjennomgang av lovverket. Dei meiner omsynet til busetnad og matproduksjon må vege tyngre enn det dei meiner er kortsiktige vinstar ved omsetjing av landbrukseigedomar.