– Eg skulle flytte langt vekk, eg skulle ikkje vere her i fylket. Eg hadde denne iveren av å kome meg ut for å sjå noko meir, fortel ei lattermild May Lene Steinheim Lunden.
Etter Lunden var ferdig på vidaregåande, reiste ho til Drammen for å jobbe. Ho har familietilknyting i området, men ein grunn var at det var enkelt å skaffe leilegheit der.
- Les også:
Det gjekk seks år før ho vart lokka tilbake til Vestlandet. Ho hadde nemleg fått to jobbtilbod, eit i Bergen og eit i Flåm.
– Eg ville jo helst flytte til Bergen, så det vart litt frå og mot på kva eg skulle gjere, seier Lunden.
I Bergen fekk ho tilbod om å jobbe som rekneskapsførar, medan i Flåm vart ho lokka med å utvikle ei ny bedrift som heiter Flåm guideservice.
– Eg tenkte, her vil eg få utfolde meg og jobbe inn i ei gründerbedrift som ønskte å utvikle noko, så det vart Flåm, smiler Lunden.
Blir verande i Flåm
I 2005 starta ho i jobben som bedriftsutviklar, dei andre brikkene fall også raskt på plass. Etter kvart vart ho sambuar med Rune, som var han som gav ho jobbtilbodet. No er ho dagleg leiar i Flåm guideservice og gift med Rune, og har barn saman. Å flytte tilbake til noko by no er uaktuelt for May Lene.
– Eg synst dei offentlege tilboda som barnehage og skule er veldig bra her. Eg kan sjå det viktige med å vere nær naturen, ungane går på tur ute, samt er det små barnehagar der oppfølginga er nær og bra.
Bidreg for å få fleire tilflyttarar
– Det som er så gøy her i Flåm, er at det blir fleire og fleire tilflyttarar, så barnehagen er ganske full no, fortel Lunden.
For fylket vårt så handlar det om å få fleire tilflyttarar, i 2006 sette Lunden og Flåm guideservice eit mål.
– Vi vil få folk til å flytte hit, og bli verande her gjennom at vi skal skape heilårs-arbeidsplassar. Vi har faktisk nådd det målet no, berre siste året har vi ekspandert så mykje at vi no har tre og ein halv heilårsstillingar, skryt den fornøgde daglege leiaren.