– Det var veldig kjekt å få slike tilbakemeldingar, spesielt no når eg har fokusert meir på å gje ut musikk på norsk, seier Kildal, som i kveld stod på scena i Norske Talenter på TV2.
Han nyttar røynslene sine frå tida som rusmisbrukar når han lagar songar. Å dele dei med alle på TV ser han ikkje på som vanskeleg.
– Eg føler at eg får letta meg for ein del bagasje, at det er som ei utblåsing. Det er berre positivt å kunne komme med sanninga på ein slik måte, seier Kildal.
- Les også:
Bytte ut rusen med musikk
Rusen han før var avhengig av, har han bytt ut med ein annan rus.
– Den beste rusen i mitt liv er å stå på scena og få den kjensla. Det varmar meg frå innsida og ut, seier Kildal.
Men det måtte hard lut til før han valde å snu ryggen til rusen.
– Det var mange som døydde rundt meg, og det fekk meg til å opne auga og forstå at det kunne vere meg om ti år, seier Kildal.
Song for si døde venninne
Og vegen ut av rusen takkar han ei god venninne for. Då han song i Norske Talenter for to veker, song han nettopp for denne venninna, som døydde frå han, noko som fekk både dommarar og publikum til å få tårer i auga.
– Ho var svært viktig for meg. Då det var som mørkast fekk ho meg til å opne auga og redda meg på ein måte, seier Kildal.
Han peikar på at musikken har betydd alt i kampen mot rusen.
– Musikken er min psykolog. Eg snakkar til meg sjølv og får reflektert over det eg har vore gjennom, livet og tankane mine. Det er ein måte å behandle seg sjølv på, seier Kildal.
Håpar han kan hindre andre i å byrje med rus
Erfaringane han har med seg, kjem til å prege musikken hans i lang tid framover.
– Eg vil gjerne fortelje og inspirere. Viss nokon let vere å prøve rus fordi dei høyrer på meg, så ville det vore veldig, veldig kjekt, seier Kildal.
Det har vore ein prosess å gå frå å rappe på engelsk til å uttrykkje seg på norsk.
– Det blir endå meir personleg. Og så er eg den einaste rapparen i heile verda som rappar på akkurat denne dialekta, seier Kildal.
Og dét var nettopp ein av grunnane til at Sony Music kasta sine auga på rapparen. Kildal skal gje ut to av låtane sine på plateselskapet.
– Det tok ikkje meir enn ein time etter førre program før eg fekk beskjed om at Sony var interessert. Eg sat med tårer i auga og visste ikkje kva eg skulle seie. Men det er supert. Det gir meg livsgnist og eg gler meg, seier Kildal.