Hopp til innhold

Uroa over to brannar på to veker

For andre gong på to veker brann det natt til laurdag på avfallsanlegget til SIMAS på Kaupanger.

Brann på bossplassen på Kaupanger

BRANN: Slik såg det ut for to veker sidan då det brann på SIMAS i Kaupanger. Natt til laurdag tok det fyr igjen i anlegget. Arkivfoto

Foto: Christian Blom / NRK

– Det er nok tilfeldigheiter at me har hatt brann to gonger no på to ulike plassar på SIMAS. Tto brannar på to veker er meir enn me har hatt dei siste åtte-ni år, seier direktør Hallvard Thomassen.

Lynnedslag truleg brannårsak

- Me vart oppringte klokka 12 natt til laurdag med beskjed om at det brann på SIMAS, og at det brann på miljøstasjonen denne gongen.

Førre brann var i grovavfallet som ligg omlag ein kilometer unna. Årsaka til den brannen er truleg sjølvantenning i restavfallet, seier Thomassen.

– Brannen i natt var på miljøstasjonen, og antakeleg har lynet slått ned i nokre stålbur der vi lagrar data, tv-apparat og slikt.

Thomassen seier dei no vil gå igjennom rutinane sine for å sjå om det er noko dei kan gjere betre.

– Men, brannar som den natt til laurdag er ikkje så lette å gardere seg mot, og området til SIMAS ligg jo utsett til for lynnedslag.