Hopp til innhold

– Det å begynne med hasj er ein liten byggjestein til eit rusproblem

Ungdom som sjølv har hatt store problem med hasjrøyking åtvarar andre mot å prøve det. – Det er eit springbrett mot tyngre stoff, seier dei.

Ungdomsbråk

IKKJE BRUK DET: Undomar som sjølv har røykt hasj i fleire år oppmodar andre om å halde seg unna. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Magnus Brenna Lund / NRK

– Det kan fort gå gale viss du bruker det feil, fortel ein 16-åring til NRK.no.

Han har brukt store delar av ungdomstida si på å ruse seg, men no er det slutt. Saman med ein kamerat som også har dumpa hasjrøyken vil dei no åtvare andre om å gå i same fella.

– Eg har sett kor mykje det kan føre til, seier ein av ungdomane.

– Hasj er byggjesteinen til eit rusproblem

Hasj og cannabis har blitt eit stort og aukande problem blant norske ungdomar. 2011 vart eit rekordår i forhold til beslag av dei narkotiske stoffa, og politiet meiner mange unge ikkje ser farane ved bruk av narkotika.

NRK har møtt to 16-åringen som har fått alvorlege rusproblem på grunn av hasj. Begge innsåg først alvoret då dei vart tekne av politiet.

Av omsyn til familiane deria vil ikkje ungdomane stå fram med namn. Men dei vil fortelje om erfaringane dei har gjort seg, og dei vil oppmode andre om å halde seg unna hasj.

– Eg veit av eigne erfaringar at det kan gå veldig gale. Eg har og sett korleis det har gått med andre, mange blir avhengige av andre stoff, seier 16-åringen og held fram:

– Det å begynne med hasj er ein liten byggjestein til det å få rusproblem. Du prøver sterkare stoff og held fram, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Meir hasj blant unge

SJÅ TV-SAKA: Bruk av hasj er svært vanleg blant unge, og 2011 vart eit rekordår for beslag av cannabis. Ungdommen ser ikkje farane med bruk av narkotika, meiner politiet.

Meiner det er betre å drikke

Dei to har begge vald å dumpe hasjrøyken. Dei gamle kameratane på den vidaregåande skulen i Førde som framleis rusar seg, går ikkje lenger på skulen.

– Du blir rusavhengig til slutt uansett, så eg anbefaler folk å ikkje røyke hasj, seier den eine.

– Eg vil rå folk til å drikke i staden, seier kameraten.

Uroa over haldningane til ungdom

Tal frå politiet syner at det blir beslaglagt stadig meir hasj og cannabis. 2011 vart eit rekordår med 3000 kilo, noko som er tre gonger meir enn i 2007 då talet var 800 kilo.

– Dette merkar vi både med tanke på tal beslag og mengde, seier politiførstebetjent Synnøve Domben i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Også talet saker har auka kraftig, noko som også syner att i talet pågripingar. I Sogn og Fjordane var det mange unge blant dei som blir ferska av politiet i fjor. Domben er skremd over haldningane til norske ungdomar.

– Det er mange som er naive i forhold til bruk av rusmiddel og dei effektane det gir på kropp og sinn over lang tid, seier ho og legg til:

– Dei ruser seg frå dei er 16 til opp i tjueåra. Då oppdagar dei at dei har eit problem og oppsøkjer hjelp, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Politiet skuldar naive foreldre for økt cannabisbruk

NAIVE FORELDRE: Foreldre er naive og må ta meir ansvar for ungdommane sine, meiner politiet. Mange foreldre veit ikkje kva ungdommane eigentleg driv med.

– Mange får psykiske problem

Også dei som behandlar rusavhengige er skremde. Klinikkdirektør ved Bergensklinikkene, Kari Lossius, meiner ungdommane ikkje ser farane med bruk av hasj.

Ho seier ein fjerdedel av dei unge menneska som dei behandlar har problem fordi dei er avhengige av cannabis.

– Cannabis kan også utløyse alvorlege psykiske lidingar, alt frå tvangstankar til angst, seier Lossius.

Blir straffa med urinprøver

Fleire av dei som blir tekne for hasjbruk inngår såkalla ungdomskontraktar med politiet.

Ungdomen slepp då å bli straffa, men må heller ta jamlege urinprøver og møte i samtale med politiet.

– Dei fleste ungdomane er positive til denne forma for straff. Dei seier at dette er med på å halde dei vekke frå stoff. Dei veit at dei blir testa og kjenner på at det er godt å kome for å snakke med oss i politiet, seier politibetjent Odd Helge Vågseth i Førde.

– Eg er ferdig med dette

Dei to 16-åringane seier begge dei no er ferdige med hasjbruken. Etter å ha blitt tekne på fersken av politiet har livet teke ei ny vending.

– Då eg røykte, såg eg på det som ein fin ting. Men når eg er ferdig med pisseprøvene, så er eg ferdig med dette, seier ungdomen og legg til:

– Folk som røyker, ja, dei får berre røyke. Men viss eg er med kameratar og dei begynner å røyke, då går eg, for eg vil ikkje vere der, seier han.