Hopp til innhold

Uaktuelt med fusjon for Fjord1

Konsernsjefen meiner det er heilt uaktuelt å fusjonere Fjord 1 med anna selskap.

Dagfinn Neteland ny sjef i Fjord1

SET SEG PÅ BAKBEINA: Konsernsjef i Fjord1 seier selskapet har heilt andre ting å tenke på enn fusjon med andre selskap. Han meiner også at Fjord1 har fått mykje urettmessig kritikk i sommar, og hevdar selskapet er langt meir robust enn det har blitt framstilt.

Foto: NRK / pressefoto

Ei skisse laga av meklarselskapet Sparebank 1 Markets spår mangedobla verdi av fylkeskommunen sin eigardel i Fjord1, om ein til dømes slår seg saman med transportselskapet Torghatten i Nordland.

Vurderingar om fusjon skal i fjor også ha vore diskutert i styret, og NRK får fortalt frå informert hald at den tidlegare leiinga i selskapet òg har jobba med tanken. Men nytilsett konsernsjef Dagfinn Neteland slamrar døra grundig igjen.

– Frå min ståstad er det heilt uaktuelt. Vi har heilt andre ting å tenke på. Vi har mykje vi vil gjere med selskapet, særleg når det gjeld effektivisering og ikkje minst tene gode pengar i selskapet. Der har vi mange moglegheiter, og der vil fokus vere i lang tid framover, seier han.

Vi står godt slik vi står, vi har god kapital, vi har eit godt styre, og der skjer dei store tinga i forhold til administrasjon, og slik skal det vere

Dagfinn Neteland, konsernsjef i Fjord1

Det same synet har også minoritetseigar i Fjord 1 Per Sævik i Havilafjord. Den kjende forretningsmannen frå Sunnmøre sa i går til NRK at han meiner fusjon ikkje er aktuelt.

– Det selskapet må jobbe med er å betre innteninga, sa Sævik.

Politikarane vurderer å selje Fjord1

Framover skal politikarane ta stilling til eigarskapen i Fjord 1. Fylkesleiar i Framstegspartiet Frank Willy Djuvik meiner fusjonstanken er interessant.

Fjord 1 har fylkeskommunen som majoritetseigar og er det største ferjeselskapet i landet, det eig også store delar av flyselskapet Widerøe. Men transportkjempa strevar med små marginar i ein bransje prega av at ein heile tida må vinne anbod til ein fornuftig pris. Dei siste to åra har Fjord1 hatt svake resultat, og fylkespolitikarane vurderer å selje.

Den debatten vil ikkje Neteland gå inn i, men er klar på at selskapet sin strategi no er å sikre betre inntening. Det kjem ikkje på tale å drøfte fusjonar no.

– Eg har ikkje brukt mykje tid på det, og har ikkje tenkt å bruke mykje tid på om vi skal fusjonere eller ikkje. Så får framtida seie om kva vi gjer med dei store diskusjonane, men dei vil ikkje eg ta no.

– For dårleg informasjonsflyt

Framover skal politikarane ta stilling til eigarskapen i Fjord 1. Fylkesleiar i Framstegspartiet Frank Willy Djuvik meiner fusjonstanken er interessant.

Frank Willy Djuvik

INTERESSERT I FUSJON: Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, vil ha meir informasjon om moglegheitane for fusjon.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Eg skulle gjerne hatt meir informasjon om dette, og sett på moglegheitene for å realisere større verdiar, men eg vil ikkje konkludere på førehand.

– Opplever du informasjonsflyten som for dårleg her?

– Ja, veldig ofte saknar vi politikarar å få formell informasjon. Det er ein stor veikskap for oss som skal sitte og ta strategiske val som vi i utgangspunktet ikkje er kompetente til å ta, seier Djuvik.

– Vurderer alle moglegheiter

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er inhabil i Fjord1 saker i fylkestinget, sidan ho er styreleiar i Fjord1 Holding.

Derfor er det fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Sp som uttalar seg på vegner av fylkeskommunen, Følling seier fylkeskommunen vurderer eigarskapen, men vil ikkje seie noko om fusjon er ein del av dette.

– Eg vil ikkje kommentere på det som er rundt Fjord1 Fylkesutvalet har ei vurdering og vil sjå på alle sider av selskapet, seier Følling.

– Urettmessig krisemaksimering

Konsernsjef Dagfinn Neteland meiner Fjord 1 har fått urettmessig mykje kritisk omtale gjennom sommaren. Han seier selskapet er langt meir robust enn inntrykket som er skapt, eigenkapitalen er solid, og moglegheitene for å effektivisere drifta er store.

– Vi står godt slik vi står, vi har god kapital, vi har eit godt styre, og der skjer dei store tinga i forhold til administrasjon, og slik skal det vere. Eg har ingen grunn til å seie at fylkeskommunen er ein dårlegare eigar enn andre, seier konsernsjefen.