Hopp til innhold

Treft av planke - må avlyse revy

Florarevyen har førebels avlyst årets revy. Grunnen er at ein av nøkkelpersonane er sjukmeld etter å ha fått ein planke i hovudet.

Video Plankefall på kystmuseet i Florø

TREFTE MUSIKAR: Midt under talen til komande fylkesordførar Åshild Kjelsnes skjer det som ikkje skal skje. Ein planke losnar frå veggen og treff ein musikar i hovudet.

Det var i september at ulukka skjedde. Statsminister Jens Stoltenberg var på Kystmuseet i Florø i samband med valkampen.

Dei vel 40 gjestene blei ønskte velkomne av Åshild Kjelsnes som på det tidspunktet var ordførarkandidat for Ap i Sogn og Fjordane. Medan ho snakka, losna plutseleg ein planke i taket. Den trefte musikaren Ann Kristin Takle Winterthun i hovudet.

Ho er framleis sjukmeld etter denne hendinga. Firdaposten skriv i dag at ho er plaga av kraftig hovudpine og vond nakke. Winterhun er ein av nøkkelskodespelaran i Florarevyen og då ho måte melde avbod, valde revyen å avlyse.

– Eg er frustrert og lei meg for at eg ikkje kan delta, seier ho til avisa.

Ingvar Hopland og resten av revygjengen ville ikkje halde fram utan Winterthun.

– Vi får ikkje nokon til å fylle hennar plass på så kort tid. Vi er heller ikkje villige til å fire på kvaliteten, seier Hopland og legg til at det førebels ikkje sikkert om revyen blir sett opp seinare i år.