Hopp til innhold

Tre generasjonar storkoste seg på Breim

God stemning og flott, varmt vêr. Det er rapporten frå fredagens konsertar frå hovudscena på countryfestivalen på Breim.

Festivalen har i år gått inn for å treffe ei breiare målgruppe, og fredag synte det seg at det har arrangørane klart.

– Vi har hyra inn artistar som vi håpte skulle treffe ulike aldersgrupper, og slik viste det seg å bli. Hanne Sørvåg og Steffen Jakobsen og ClutterBillies gjekk rett heim hos dei litt yngre, så kom Bellamy Brothers for dei litt eldre og Steff Nevers laga til slutt meir rocka stemning, fortel dagleg leiar i Norsk Country Treff, Eva Hage Solstad.

Fekk skryt frå artistane

Eva Hage Solstad

GOD STEMNING: Dagleg leiar for Norsk Country Treff, Eva Hage Solstad, er godt nøgd med festivalen så langt.

Foto: Birger Meland / NRK

Dermed var det tre generasjonar som storkosa seg, er konklusjonen til festivalsjefen. Bellamy Brothers var eit av dei store trekkplastera i år, men det viste seg at dei ikkje var åleine.

– Dansegolvet var fullt når Bellamy Brothers stod på scena, og mange stod heilt framme med scena, men det var ganske jamt fordelt med folk utover konsertane, seier Hage Solstad.

Arrangørane har også fått god tilbakemelding frå artistane.

– Dei sa at det var ei flott scene og stå på, og at vi var den best organiserte festivalen for dei som artistar.

(Saka held fram under videoen)

Slik er det på barnas countrytreff

COUNTRY FOR BARNA: Også dei aller minste koste seg på festival. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Mindre bråk og uro

Tidlegare har festivalen fått ein del kritikk for at det har vore mykje bråk på festivalområde, men også dette ser ut til å ha gått bra så langt.

– Eg var jamleg i kontakt med politiet og vaktselskapet og dei sa det var veldig roleg og god stemning. Det har jo vore småtteri, men vi har ikkje hatt hærverk og det har ikkje vore uro på festivalcampane på nattetid som det av og til har vore før, seier festivalsjefen, like før ho skal inn på kyrkjekonserten.

Konserten i Breim kyrkje byr på artistane Longhorn, GrassTowne, Gene Watson, Bellamy Brothers, Rita Eriksen, Bakersfield, Onkel Tuka og Hege Brynildsen.

– Det er litt dårlegare vêr i dag, men køen som vi nettopp slepte inn ser ut til å kose seg likevel, seier Hage Solstad.

Fredag hadde festivalen også godt med dagbesøkande. Hage Solstad seier det sannsynlegvis var 400-500 fleire enn i fjor.