Hopp til innhold

Tonje fekk møte Idol-helt på Breim

Countryfestivalen på Breim er i gang for fullt. Det inneber også ein del kjendisartistar, og for Tonje Birkeland var det særleg ein som skilde seg ut.

Fekk møte Idol-helten
Foto: Birger Meland / NRK

Jenta frå Masfjorden har heilt sidan TV2-programmet «Idol» drøymd om å få møte Steffen Jakobsen som hamna på tredje plass i siste sesong av konkurransen.

Den djupe stemma gjorde inntrykk på mange, særleg for countryglade som Tonje. Fredag tok NRK-reporter Birger Meland ho med bak scena for at ho endeleg skulle få treffe helten.

Lovar å vinke til ho

– Eg er ein stor fan. Eg elskar country og eg elskar stemma og songane hans. Eg trur det blir bra, men eg er litt nervøs, seier ho.

Idol-Steffen er derimot litt meir vand til slike møter enn Tonje er, for det skjer relativt ofte at folk ønskjer å treffe han, kan han fortelje.

– Men det går greitt det, eg tek det med eit smil og litt til.

Under møtet fekk Tonje sjølv lov til å stille nokre spørsmål til artisten. Og truleg er ho å sjå heilt framme ved scena når Jakobsen opptrer på Breim i kveld for andre gong. Det er nemleg ikkje første gong han er der, også i 2007 song han for countryglade folk på Breim. Denne gongen lovar han å vinke til Tonje om han ser ho.

Country for alle - også barna

Men Jakobsen er berre eit av mange namn på lista. Fredag kveld spelar blant anna også Bellamy Brothers, som truleg er årets store trekkplaster for festivalen.

Sidan den første festivalen i 1995 har festivalen vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i fylket. Frå 2000 besøkjande det fyrste året var det i 2009 meir enn 13.000 besøkjande på countrytreffet på Breim. Nesten ei veke før festivalstart var det allereie kø utanfor campingområdet med country-entusiastar som ville sikre seg ein god plass på campen.

Og festivalen har ikkje berre tilbod for dei store. På barnas countrytreff får også barna ta del i opplevinga. Blant anna med linedancekurs, konsert og køyring med hest.

Slik er det på barnas countrytreff

BARNA I FOKUS: Sjå glimt frå Barnas countrytreff på Breim. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland