To omkom i flystyrt

Sandane Lufthamn

Sandane Lufthamn

Det var den 50 år gamle Jan Magne Waldahl og den 65 år gamle Egil Sæbbø som omkom i flystyrten i går kveld.

Har overlevd tre flystyrtar før

Sæbbø som var passasjer i ulukkesflyet, har tidlegare overlevd tre flyhavari. Mellom anna var han pilot på sjøflyet som havarerte i Geirangerfjorden i 1998, der fire tyske turistar omkom. Sæbbø og Waldahl var også saman i eit sjøfly som styrta i fjorden ved Vereide på 80-talet.

Småflyet styrta ved Sandane Lufthamn på Anda like før klokka halv ni i går kveld. Flyet styrta berre 100 meter unna flyplassen. Ulukka skjedde like før klokka halv ni i går kveld, og flyet vart lokalisert i sjøen ti minutt seinare. Småflyet skal ha styrta på land heilt i sjøkanten, og sidan delvis hamna i sjøen.

Rutinerte flygarar

Dei to som var ombord, var svært rutinerte pilotar, som også har drive yrkesflyging. Då ulukka skjedde, dreiv dei med lågtflyging i området rundt Anda. Flyginga skjedde i eit heimebygd fly av typen Falco.

Det var vrakrestar både på land og i fjorden. Dei to omkomne vart tekne til land av leitemannskap, som òg dykka i fjorden utover torsdag kveld for å hente opp vrakrestar.

Flyhavarikomisjonen kjem i ettermiddag til Sandane for å prøve å finne årsaka til flyulukka i går.

Lyd og video

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.