Hopp til innhold

To menn skadde i trafikkulukke

To utanlandske menn blei lettare skadde bilen deira hamna i tunnelveggen på E16 i Lærdal.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Lærdal» i nytt vindu

Politiet fekk melding klokka 14:21 om at det hadde vore ei trafikkulukke i Seltatunnelen på Ljøsne i Lærdal. Alle naudetatar rykka ut til staden. Ulukka skal ha skjedd i samband med forbikøyring av ein moped.

Dei to mennene i bilen, som er i 30- og 40-åra, blei begge frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse. Mopedisten slapp uskadd frå det heile.

E16 var stengd ein periode etter ulukka, men tunnelen er no opna att.