Hopp til innhold

Straumlause i Eid

På strekninga Torheim - Taklo i Eid er det straumlaust. Sogn og Fjordane Energi opplyser at dei ikkje får utbetra feilen før det blir dagslys. Vakthavande Roy Landsverk seier dei ikkje veit kva feilen er men at det kan vere eit tre som på nytt har ramla ned på linja.