Hopp til innhold

Storsatsing på skogplanting

Atle Kringlen i Naustdal er mellom dei skogeigarane som er glade for at det no blir satsa på skogplanting langs kysten som eit klimatiltak.

Atle Kringlen helsar satsinga på skogplanting velkomen.
Foto: Odd Øyvind Kringlen

Det skal plantast 900 millionar tre i ni kystfylke for å binde 20 prosent av CO2-utsleppet i Noreg, skriv Nationen.

Lite nyplanting

Dei siste åra har det vore lite nyplanting langs kysten. Atle Kringlen i Naustdal meiner det er viktig at det no blir satsa på å plante ut ny skog. Han har 250 dekar med drivverdig jord. Men han meiner det er tøft å drive skogbruk.

- Dårleg økonomi

- Vi slit med dårleg økonomi, vi tener mindre på skogen fordi transportutgiftene blir mykje høgare ennfor dei som driv i innlandet. I tillegg blir det ekstra driftsutgifter fordi vi har så bratt terreng.

Men i naturvernkrinsar er dei skeptiske til satsinga på nyplanting.

 

Lars Haltbrekken
Foto: Audun Garberg

- Ikkje sikkert det er positivt

- Når det inneber at det skal byggjast 400 kilometer med skogsveg så er det problematisk.I tillegg er det ikkje sikkert at det er positivt for klimaet å plante tre på nye område. Granskog vil føre til mørkare jordoverflate som vil absorbere meir varme og vere med på å auke den globale oppvarminga, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.