Hopp til innhold

Store innsparingar etter Kvivsvegen

Transportselskapet Thor Tenden i Stryn sparer fleire hundre tusen kroner i året etter at Kvivsvegen opna.

Rolf Olav Tenden

TRUR PÅ AUKE: Dagleg leiar Rolf Olav Tenden gler seg over store innsparingar og ein heilt ny marknad.

Foto: Birger Meland / NRK

Trailer Thor Tenden Transport

VIL UTVIDE: I framtida kan vogntoga til Thor Tenden Transport bli oftare å sjå i nabofylket.

Foto: NRK
Kvivsvegen

ETTERLENGTA: Kvivsvegen blei opna 22. september.

Foto: Remi Sagen / NRK

Opninga av Kvivsvegen er noko av det største som har skjedd Thor Tenden Transport, seier dagleg leiar Rolf Olav Tenden.

Den etterlengta vegen opna i slutten av september og knyter saman Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal på ein ny måte. Mellom anna har E39 blitt ferjefri frå Lote i Sogn og Fjordane til Festøya i Møre og Romsdal.

1400 kroner per tur

Dette sparer transportbedrifta i Stryn store summar på, om lag 300 000 kroner i året.

– Vi har faste avtaler og ruter i Volda/Ørsta-området. Når eg ser innsparingane i forhold til Stigedalen og ferje, så sparer vi 1400 kroner per tur. På eit år blir dette om lag 300 000 kroner i året.

Trur på større marknad

Tenden seier dette betyr mykje for transportselskapet og samanliknar opninga av Kvivsvegen med då Strynefjellsvegen blei heilårsveg. No trur han på ein større marknad å åra framover.

– Vi har ikkje lagt om transportrutene våre førebels, men eg ser det som ei naturleg utvikling i konkurranse med Ålesund-distriktet. I løpet av eitt eller to år vil dette auke veldig, seier Tenden.