Hopp til innhold

Statsministeren har ikkje tenkt seg til Vevring

Erna Solberg vil ikkje besøke Vevring for å sjå på området der Nordic Mining ønskjer å starte opp gruvedrift.

Erna Solberg

SKAL IKKJE TIL VEVRING: Statsminister Erna Solberg vil ikkje dra til Vevring og møte gruvemotstandarar og miljøekspertar før regjeringa skal ta si avgjerd om gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden.

Solberg fekk i dag spørsmål i spørjetimen i Stortinget frå SV-politikar Audun Lysbakken.

– Miljøekspertane viser at eit gruvedeponi kan ha vesentleg negativ effekt på truede arter og heile økosystemet i fjorden. Dette er ei sak som kjem på regjeringa sitt bord, og det er stor lokal motstand, starta Lysbakken sitt innlegg.

Audun Lysbakken

UNDRA SEG: I Stortinget sin spørjetime i dag spurte SV-politikar Audun Lysbakken om Erna Solberg vil dra til Vevring.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Han fortalde at han sjølv besøkte Vevring tidlegare i år, og at han møtte lokalbefolkninga, fiskeoppdrettarar og gruvemotstandarar da han var der. Så kom spørsmålet:

– Kan statsministeren love at også ho vil dra til Sunnfjord og møte lokalbefolkninga sine eigne ekspertar og dei som lever av fjorden, før regjeringa tar si avgjerd?

Miljøverndepartementet sin jobb

Tema i dagens spørjetime var skogvern, noko som fekk stortingspresident Olemic Thommessen til å understreke at spørsmålet var litt på sida av det som var tema for spørjetimen.

Statsministeren skulle likevel få svare på spørsmålet frå Lysbakken.

Ho har ikkje nokre planar om å gjere det same som SV-politikaren.

– Dette er ei enkeltsak som skal kome til behandling i Miljøverndepartementet, etter dei ulike innspela og utgreiingane som har kome, svara Solberg, før ho heldt fram:

– Eg synst det er veldig feil viss eg skal kommentere ei enkeltsak og ei enkeltbehandling frå Stortinget sin talestol. Men om akkurat eg skal gå inn i ei saksbehandling som ligg under det konstitusjonelle ansvaret til klima- og miljøministeren, det trur eg ikkje at eg skal love vekk.