Hopp til innhold

Har stor tru på Jotun i år

Sogn og Fjordane sitt flaggskip i damehandballen, IL Jotun frå Årdal, kan kome til å overraske stort i år. Det meiner trenar Almir Liajic. Laurdag spelar dei årets første kamp i 1. divisjon.

Jotun 1. divisjon damer

TØFFE JENTER: Jotun-damene spelar laurdag kveld sin første kamp for sesongen i 1. divisjon.

Foto: Siren B. Svortevik / porten.no

Laurdag kveld går årets første seriekamp av stabelen. Målet er temmeleg klart, banke inn mange mål mot nyopprykka Sverresborg frå Trondheim.

Kjem til å overraske

– Eg trur Jotun sitt damelag kjem til å overraske i år, og då meiner eg på ein positiv måte, seier Liajic til NRK.

Han overtok 1. divisjonslaget etter sunnfjordingen Øyvind Indrebø etter sesongslutt, og meiner at dei no er rusta og klar til innsats.

– Om vi har den same gleden og innsatsen som vi har hatt på trening, så kjem dette til å gå bra. Vi kan kome til å overraske dei fleste laga, meiner trenaren.

Nye toppspelarar

Jotun-damene har fått fleire forsterkningar, mellom anna fleire spelarar med lang internasjonal erfaring.

Tanja Shalevska og Marija Popadjieva frå Makedonia har lang erfaring på toppnivå. Det same har Gabriela Horvath frå Ungarn. Dei har funne seg godt til rette i Jotun-laget.

– Desse jentene er verkeleg ei styrke for laget. Med erfaring frå landslag og anna internasjonalt spel, vil dei vere med og løfte dei andre jentene opp og fram, meiner Almir Liajic.

Legendarisk publikum

Heimepublikumet i Årdalshallen er viden kjent. Når andre lag i 1. divisjon spelar for nær tomme tribunar, får dei sjokk når dei kjem til Årdal. Hundrevis av fans fyller opp stolane i hallen, og skapar eit øredøvande leven til ære for spelarane.

– Eg har jo ikkje opplevd det enda, men om det er så bra som eg har blitt fortalt, så vil publikum verkeleg vere til hjelp for oss, meiner den nye trenaren.