Selde 10 hytter på ni timar
På ni timar vart ti utleigehytter til Fjordane hyttesenter ved Hellevik i Fjaler selde. Advokat Ole Rune Døskeland seier til Firda at han aldri har opplevd liknande interesse. Søndag var det visning og dagen etter var hyttene selde til godt over takst. Seljar Inger Margrethe Brendehaug seier ho er godt nøgd med prisane for dei nær 40 år gamle hyttene.