Hopp til innhold

Seks personar i trafikkuhell

Ambulanse vart sendt til Hornindal etter ein kollisjon mellom to bilar. Ein person er sendt til lege.

Trafikkuhell Hornindal
Foto: Roger Vik

– Eit barn på fem år skal vere sendt til lege for kontroll etter trafikkuhellet, opplyser Inge Værøy hjå politiet sin operasjonssentral. Ingen av dei andre personane skal vere skadd.

Politiet fekk melding like etter klokka 16 om at to bilar hadde kollidert mellom Kjøs Bru og Hornindal på fylkesveg 60.

Ein bilist NRK har snakka med opplyser at det er dårlege køyreforhold på staden.

Til saman seks personar er involvert i uhellet, opplyser politiet.

Ein ambulanse vart sendt til staden for kontroll. Bilberging vart også varsla.

Trafikkuhell Hornindal
Foto: Roger Vik

Trafikkuhell mellom Hornindal og Kjøs bru