Hopp til innhold

Etter to års førebuing er helga endeleg komen

Når forbundet feirar ti år same året som fylket feirar 250 år, måtte berre Norges Korforbund Sogn og Fjordane slå på stortromma.

Songarstemne i Førde

VÅTT: Det var vått då sognarane gjekk i tog gjennom Førde laurdag føremiddag, men det la liten dempar på songgleda.

Foto: Alf Vidar Snæland

I helga er nær 900 songarar samla i Førde til fylkes største songarstemne nokosinne.

Fjordklang klar for songarstemne.

FJORDKLANG: Mykje lått og moro før songarane inntok bybilete i Førde.

Foto: Privat

Dei tradisjonelt tre songarstemna i Norfjord, Sunnfjord og Sogn er i år slått saman til eitt gigantstemne.

– For to år sidan reserverte vi alt av overnattingskapasitet i Førde, og sidan har vi planlagt både nøye og lenge. Det har vore hektisk, men kjekt. Og veldig gøy når vi no er i gong, strålar leiar Trond Brekke.

Gjekk gjennom gatene

Han er leiar for arrangementet, der Førde kammerkor står som teknisk arrangør. I alt 39 kor har teke turen til Sunnfjord for å bli med på markeringa.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kring 900 koristar frå 39 kor er i helga samla til songarstemne i Førde.

FOLKETOGET: Her kjem koristane gjennom bygatene.

I øsande regnver gjekk songarane, anført av Jølster Musikklag, gjennom gatene i Førde til Elvetorget der det vart både song og moro. For songarane skal ikkje sitje på gleda åleine.

– Det er litt Ole Brum dette, «Ja takk begge deler». Koristane skal dyrke seg sjølve, synge for kvarandre og vere publikum for kvarandre. Men det er også ope for publikum som kan shoppe korsong frå heile Vestlandet i 12 ulike konsertar, seier Brekke.

Gigantkor på scena

The Real Group sang fredag kveld i gang stemnet. Dei skal også undervise koristane gjennom tre ulike seminar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Første helga i juni er 900 songarar samla til eit skikkeleg storstemne i Førde.

SJÅ VIDEO: Det største songarstemne i fylket nokon gong underheld ved Elvetorget.

Det heile blir avslutta søndag med eit gigantkor på scena i Førdehuset.

– Vi reiser på stemne kvart år, men har aldri vore på eit så stort stemne før. Så dette er kjempespennande, seier Karin Tonning Hatløy i blandakoret Fjordklang frå Hyllestad.

Sosialt og moro

Fjordklang klar for songarstemne.

FJORDKLANG: Blandakoret frå Hyllestad er med sine 15 medlemer ikkje av dei største, men likefast eitt av 39 kor i Førde denne helga.

Foto: Privat

– Stemna er ein sosial happening som vi nyttar som avslutning på songåret. Det er ikkje alltid vi plar klare å samle alle 15 medlemer, men det plar vi stort sett gjere på stemna, held Tonning Hatløy fram.

Og stemna er mykje song og sosial moro. Medlemene i koret har gledd seg sidan påmeldinga vart stadfesta.

– Vi prøver å synge mest mogeleg når vi er på stemne, men så er det også veldig kjekt og inspirerande å treffe att og høyre andre kor, held Tonning Hatløy fram.

Stor dugnadsinnsats

Songarstemne i Førde

STORSTEMNE: Kring 900 songarar er i helga samla i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

Marianne Hoff i korforbundet og musikkfagleg ansvarleg Heidi Rennestrøm seier Sogn og Fjordane har sterke kortradisjonar. Forbundet har nær 50 kor som er medlemer.

Brekke fortel at det ligg bak ein stor dugnadsinnsats for helgas arrangement. Fire kor i Førde, volleyballgruppa, Holsen grendalag, kokkelinja ved Øyrane vgs. og medielinja ved Mo og Jølster vgs har alle medverka.

– Det er ikkje mykje som kan gå gale. Innhaldet er så bra som det går an. No skal vi synge for kvarandre og for publikum, og vi har fagleg innhald der koristane får utvikla seg, seier han.