Hopp til innhold

Russeknute for natt i fyllearresten

I knutereglane til Firdarussen gav ei natt i fyllearresten knute i lua. No er regelen fjerna etter press frå politiet.

Russelue
Foto: Berit Keilen / Scanpix

- Eg synest det er ganske håplaust å konkurrera om å koma i fyllearresten, for det er noko av det trasigaste som finst, seier lensmann Nils Ove Roset i Gloppen.

Premiert med brend fyrstikk

Firdarussen sin knuteregel nummer 86 fortalde at russ som kjem i fyllearresten vert premiert med ei brend fyrstikk i lua. Det stadfestar raudrusspresident Martin Westvik.

- Det stemmer at reglane var slik at russen fekk ein knute i lua dersom dei havna i fyllearresten, seier raudrusspresidenten.

Han fortèl at knuten kom i stand etter at dei høyrde om ein russ i Førde som havna i fyllearresten fyrste dagen i feiringa.

- Men eg veit faktisk ikkje heilt kva knutesjefen tenkte då han skreiv ned denne regelen, seier Westvik.

Fjerna regelen

Lensmannen ba russen om å fjerna regelen.

- Slike lovbrot kan få følgjer for resten av karrieren og ein kan dessutan bli kraftig bøtelagd og havna i bøteregisteret, seier Nils Ove Roset.

Regelen som gav knute i lua for ei natt i fyllearresten er no fjerna frå knutereglane til Firdarussen.