Hopp til innhold

Dette er ingen aprilspøk - frå i morgon er det røykeforbod for alle i fylkeskommunen

I morgon vert det innført forbod mot røyk og snus for alle tilsette og folkevalde i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Illustrasjonsbilde røyking

SLUTT PÅ DETTE: Frå i morgon får ingen tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune røyke i arbeidstida.

Foto: Eeg, Jon / Scanpix

Trass i at det har vore protestar mot røykeforbodet i fylkeskommunen, vil dei tilsette respektere dei nye reglane. Det trur forskingsleiar ved Statens institutt for rusmiddelforsking, Karl Erik Lund.

– Sannsynlegvis vil reglane gå seg til etter kvart, sjølv om det skulle bli baluba til å byrje med. Det å forby røyking og røykeåtferd i løpet av heile arbeidsdagen er eit ganske sterkt inngrep, seier Lund til NRK.

Karl Erik Lund

FORSKAR: Karl Erik Lund, Statens institutt for rusmiddelforsking

Foto: SIRUS/Nye bilder/ Arash A. Nejad

Frå i morgon blir det altså totalforbode for mellom anna lærarar i den vidaregåande skulen å røyke i arbeidstida. I tillegg blir det også forbod mot å nytte snus når ein er i kontakt med til dømes elevar og pasientar.

Ingen sanksjonar enda

Men trass strenge reglar, vil ikkje fylkeskommunen i første omgang innføre sanksjonar mot tilsette som gjer seg skuldige i regelbrot. Rektor ved Hafstad vidaregåande skule i Førde, Grethe Øren, seier at heller ikkje dei kjem til å innføre sanksjonar.

– Eg har ikkje tenkt på nokon sanksjonar. Eg tenkjer at vi må få det til, seier rektor ved Hafstad vidaregåande skule, Grete Øren.

– Flyttar grensene

Forskar Karl Erik Lund trur folk etter kvart aksepterer meir strenge tiltak for å avgrense bruken av tobakksvarer.

– Befolkninga generelt, men også røykarane spesielt ser ut til å flytte grensene for kva dei kan akseptere av tiltak som skal beskytte tredjeperson, særleg om det gjeld barn eller andre arbeidskollegaer, seier Lund.