Hopp til innhold

Ropar varsku om tannhelsa

Born av innvandrarar slit med tannhelsa, og no ropar fylkestannlegen varsku om tannproblema.

Tannlege

ILLUSTRASJON: Det er mange hol i tennene til innvandrarborn. Noko må gjerast meiner fagmiljøet.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Når dei kjem og dei er unge og har såpass mange hol har vi ikkje noko anna val enn å legge dei i narkose, seier fylkestannlege Bernt Rønnekleiv i Sogn og Fjordane.

I verstinggruppa
Bent Rønnekleiv

UROA: Fylkestannlege Bernt Rønnekleiv i Sogn og Fjordane er uroa over situasjonen.

Foto: Johan Moen / NRK

Eit lite barn som må leggjast i narkose fordi alle mjølketennene må trekkjast.

Denne hjerteskjerande situasjonen er noko tannhelsetenesta aller helst vil unngå. Men særleg blant born av innvandrarbakgrunn er dette alt for ofte realiteten.

– Dei er dessverre overrepresentert i den såkalla verstinggruppa.

Ingen statistikk

Det finst ikkje eigen statistikk her i landet som slår fast kor store tannhelseproblema er blant innvandrarar.

For dette blir i dag ikkje registrert.

Men fylkestannlegen i Sogn og Fjordane meiner likevel det er grunn til å rope varsku

– Det er ofte hol i framtennene og det tyder på sukker. Kanskje dei får flaske med saft om natta som inneheld sukker. Og vi ser når dei vert litt eldre at jekslane har hol i tyggeflatene, seier fylkestannlegen.

Dei minste har flest hol

Og dette blir støtta av forsking.

Både forsking blant 3–5 åringar av innvandrarbakgrunn i Oslo gjennomført på midten av 2000-talet samt nyare forsking i Akershus viser dei same problema.

– Vi ser det spesielt på dei minste borna frå tre til fem år. Dei har større tannhelseproblem, og der er det overrepresentasjon. Men det er ikkje dermed sagt at alle innvandrarborn har dette problemet, seier professor i barnetannpleie Ivar Espelid ved Universitetet i Oslo.

Og forklaringa kan rett og slett vere misforstått kjærleik.

– Foreldre vil sine barn det beste og vil ikkje nekte dei noko. Spesielt om dei har hatt det vanskeleg sjølv i oppveksten. Og dei synest kanskje ikkje at mjølketenner er like viktige som norske foreldre synest dei er.

Kampanjar nyttar ikkje

Det siste tiåret har ein fleire stadar prøvd å ta tak i problemet med ulike kampanjar, utan særleg suksess.

– Det er ei veldig samansett gruppe. Det er mange ulike kulturar, religionar og tradisjonar. Det er mange ulike problemstillingar der, seier Rønnekleiv.

Men eit samla fagmiljø er samde om at noko må gjerast.

Må tidleg inn

– I desse miljøa kan det hjelpe med ein peikefinger. Det er ikkje god pedagogikk på norske foreldre, men det kan fungere her, seier Espelid.

For klarer ein ikkje å snu trenden med dårleg tannhelse tidleg, kan det gå i generasjonar.

– Vi må kanskje tidlegare inn for vi ser at om vi kjem for seint inn for å hjelpe klarar vi ikkje å snu trengde, seier fylkestannlegen.