Hopp til innhold

Raset er ni meter djupt på det djupaste - har avslutta søket for i dag

Raset i Hola på riksveg 13 er så djupt at søkjestengene til Røde Kors ikkje er lange nok. Søket vart avslutta onsdag kveld like etter klokka 21.30. Søket startar oppatt torsdag morgon i åtte-tida.

Ras i Kvassdalen

HJELPER: Brøytemannskap hjelper til med gravemaskin for å gjere søkjearbeidet mogleg.

Foto: Vossestrand Røde Kors Hjelpekorps

SISTE: Politiet stadfestar klokka 21.45 at søket i skredmassane er avslutta for kvelden.

– For å ivareta tryggleiken for leitemannskapa er søket avslutta. Det vil bli teke opp att i morgon når det vert dagslys, seier operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Arve Samsonsen.

Politiet oppmoda tidlegare i kveld folk som eventuelt var i området rundt klokka 16.30 om å ta kontakt med politiet, men så langt har ikkje politiet fått informasjon som tyder på at nokon skal vere råka av raset.

– Nei, vi har ingen informasjon som tyder på det. Vi kjem likevel til å søkje gjennom raset i morgon torsdag, seier Samsonsen.

Det er uvisst om det vil bli søkt med like stort mannskap som i dag.

– Det må vi ta stilling til i morgon, seier Samsonsen.

Krevjande arbeid

For mannskapet på staden har det vore tungt og krevjande arbeid, både på grunn av kompakt og tung snø, men også fordi raset er så djupt.

– Vi er nesten ferdige med første gjennomsøket, men raset er så djupt. Det er mellom sju og ni meter høgt, så vi når ikkje ned med søkjestengene, seier fagleiar skred i Røde Kors, Gunnar Lillethun.

Raset, som har gått mellom Hola og Myrkdalen, vart meldt like etter klokka 16.30, og mannskap frå politi, brannvesen, Røde Kors, Norske Redningshunder og ambulansehelikopter vart raskt kalla ut.

– Alt i alt har det vore rundt 50 personar i sving, seier Lillethun.

Er ein del større enn normalt

Det er ikkje uvanleg at det av og til rasar på denne staden. Men Lillethun seier han sjeldan har sett så stort ras her.

– Dette er nok ein del større enn kva som er normalt her. Tidlegare har det vore fem-seks meter djupt, men no er det mellom sju og ni meter, seier Lillethun.

Søkjejobben har så langt vore krevjande på grunn av tung og kompakt snø.

Djupna på raset gjer at dei no må ha hjelp frå gravemaskin for å få søkt til botns til vegbana.

– Gravemaskina tek vekk eit lag øvst, og så søkjer vi slik at vi når heilt ned, seier Lillethun.

Har ikkje gjort funn

Til no har det ikkje vore gjort funn av noko som helst under søket i det over 100 meter breie raset.

– Nei, vi har ikkje funne noko. Vi har ikkje sett noko som indikerer at nokon skal vere tekne av raset. Men heilt sikre kan vi ikkje vere før vi har søkt gjennom vegbana ein gong til, seier Lillethun.

I tillegg til mange ekvipasjar frå Norske Redningshunder har mannskap frå Vossestrand, Vik, Voss, Vaksdal, Dale og Aurland Røde Kors hjelpekorps delteke i søkjearbeidet.

Riksveg 13 over Vikafjellet vert ikkje opna i dag, melder Statens vegesen.

Hola