Hopp til innhold

Tok ikkje skrekken av nærmøte med skredfaren

Medan Ragnhild Sandli (26) streva med å få bilen laus frå snøskred på Veitastrondsvegen, kom snømassane på nytt veltande. – Det var mest flaks at det ikkje stod folk der og vart trefte, seier ho.

Dyrlege Ragnhild Sandli i Hafslo

GUFFENT: Dyrlege Ragnhild Sandli seier ho er nervøs når ho køyrer Veitastrondsvegen på mildare dagar etter store snøfall. – Eg hadde venta noko meir forvarsel, seier ho om snøskredet som kom førre laurdag.

Foto: Privat

Veterinæroppdraget i Veitastrond førre helg vart noko meir dramatisk enn det Ragnhild Sandli hadde håpa på. Ved Langaneshamrane på fylkesveg 337 køyrde ho rett i eit mindre snøskred.

Snøskredet var stort nok til at bilen hennar sette seg fast og saman med to andre tok ho til å grave laus bilen.

– Då skred nummer to kom, så var det berre å komme seg vekk og ringe etter folk som kunne dra ut bilen og få rydda vegen. Det var skummelt å stå der, seier ho.

– Det var litt guffent

– Det kom plutseleg og utan forvarsel. Det var ikkje kjempestort, men så er eg usikker på kva som er stort her. Det var slik at heile sida på bilen og taket vart dekt av snø, held 26-åringen fram.

Rassikring Veitastrond

RASSIKRAR: Grunna skredfare vurderte geologane i Statens vegvesen som fornuftig å stogge anleggsarbeidet før jul.

Foto: Statens vegvesen

Til alt hell var det berre bilen som tok støyten. Ein stor bulk i taket er delvis retta opp. Elles er bilen køyrbar.

– Det var litt guffent. Eg vart uroa med det same då eg ikkje såg att han eine som hjelpte til. Heldigvis kom han seg unna han også, seier ho.

Rasfare stogga anleggsarbeid

Opphavleg frå Rygge i Østfold på flate Austlandet er ikkje Sandli vand med høge fjell og rasfarlege vegar. Slik som rasutsette Veitastrondsvegen mellom Hafslo og Veitastrond i Luster.

For her er vegen utsett for ras og fleire tiltak sett i verk og gjennomført etter fleire store steinras og snøskred.

Om ei veke er det fire år sidan eit 300–400 meter breitt, og opp mot ti meter høgt snøskred, stengde Veitastrondsvegen i fire dagar. For eitt par år sidan fekk Anne-Eli Hovde og mannen Bjarne Neset ei seinblokk rett i panseret.

Grunna rasfare tok arbeidet med 1,5 kilometer lang tunnel i Bjødnabakken pause like før jul. Denne vil ta ut Langaneshamrane.

– Planen å starte opp att arbeidet kring 1. juni. Den skal opne hausten 2016, fortel prosjektleiar Stein Dyngen.

Glad for tunnel

Frå kjentfolk får NRK opplyst at skreda i Langaneshamrane ikkje er av dei største.

– Men det er godt å tenkje på at det skal komme tunnel der. Den skulle berre vore opna halvanna år tidlegare, humrar Sandli og legg til at ho allereie dagen etter køyrde same vegen.

– Folk som har meir kjennskap til rasfaren her, tykkjer nok dette var skumlare enn meg. Eg har ikkje fått den store skrekken, så eg reiser til Veitastrond igjen om dei skulle trenge meg, avsluttar ho.