Med startnummer 24, og over minuttet å hente på jaktstarten, hadde vikja eit vanskeleg utgangspunkt med tanke på medaljekampen.
Men på standplass leverte Ann Kristin Aafedt Flatland 20 treff av 20 moglege.
– Skytinga er eg nøgd med, men det kjendest ikkje spesielt bra ut på ski, vedgjekk Aafedt Flatland overfor TV2 etter målpassering.
– Det gjekk jamt seint
For Aafedt Flatland kom i mål 1.09,5 etter sigrande Darja Domratsjeva (Kviterussland). Tora Berger tok sølvet, medan Teja Gregorin (Slovenia) kapra den siste pallplassen.
- LES OGSÅ: Siktekluss øydela for Berger
Frå vikja til bronsemedaljen skilde det 27 sekund. På den siste runda avanserte Aafedt Flatland frå 14. til 9. plass.
– Det var tett opp. Eg hadde gode ski, men det gjekk jamt seint heile vegen, sa ho til TV2.
Tre fekk fullt hus
Det var ikkje mange som leverte prikkfri skyting under jaktstarten.
I tillegg til Aafedt Flatland, var det berre russiske Olga Zaitseva og Jelena Khurustaleva (Kasakhstan) som skaut fullt hus.
– Men ein må skyte godt og gå fort på ski om ein skal hevde seg, avslutta vikja overfor TV2.