Hopp til innhold

Pågripne med narko

Politiet har gjort eit større narkotikafunn etter at to personar vart pågripne i ein bil i Vik tidlegare i dag. Føraren var rusa då politiet kom, og funnet vart gjort då politiet ransaka bilen. Lensmann i Vik, Ove Andersen, vil ikkje ut med detaljar rundt beslaget, men seier at dei to mennene i 20-åra vil bli avhøyrt i ettermiddag.