Hopp til innhold

Opna ny tømmerkai etter rekordhogst

Det blir hogge rekordmykje tre i norske skogar, men lenge har det vore vanskeleg å få frakta dette tømmeret ut til marknaden. No skal fleire nye tømmerkaiar gjera noko med det.

Sylvi Listhaug ser på den nye tømmerkaien på Kaupanger.

OPNA: Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) speidar utover den nye tømmerkaien på Kaupanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Måndag stod landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) for den offisielle opninga av den nye tømmerkaia på Kaupanger i Sogn.

Sylvi Listhaug opnar tømmerkaien på Kaupanger.

INVESTERING: Landbruks- og matministeren ser på tømmerkaien som ei viktig investering.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I tur og orden vil også nye tømmerkaier i Namsos, Molde, Lindås og Vindafjord bli klare.

– Eg synest det er veldig artig å få lov til å vere med på dette. Det er ei investering som vil gi oss store inntekter i framtida – både for skogeigarane, og etter kvart også staten. Dett er ei god investering som vil skape arbeidsplassar og ny optimisme i skognæringa, seier statsråden til NRK.

Sentral for indre Sogn

Kaupanger har i fleire hundre år vore blant dei største tømmerkaiene på Vestlandet. I dag er det den sentrale tømmerkaien for indre Sogn.

Det blir hogd rekordmykje tre i skogane på Vestlandet no, men tømmeret må også vidare og ut til kjøparane. Og det er ikkje berre enkelt.
Men no skal nye tømmerkaiar i fjordane gjera noko med det.

SJÅ TV-SAK: Måndag vart den nye tømmerkaien på Kaupanger opna.

No er utbygginga av ein ny kaifront ferdigstilt. Prosjektet er delvis finansiert av midlar frå Landbruks- og matdepartementet, og skal gi meir kostnadseffektiv skiping av tømmeret.

Halvor Brosvik

I MÅL: Halvor Brosvik og Sogn og Fjordane skogeigarlag har lenge sett fram til å ta kaien i bruk.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er ein gledas dag. Vi har jobba for dette ei god stund. No kan vi ta kaia i bruk. Kaiane er heilt nødvendige for at vi skal få tømmeret ut til våre kjøparar. Det er ein del av infrastrukturen. Vi må ha kaiar som er så store at båtane kan legge til, og at vi kan fylle båtane, seier Halvor Brosvik, leiar i Sogn og Fjordane skogeigarlag.

Storimportør jubla

Tømmeret som blir skipa ut frå Kaupanger går hovudsakeleg til eit sagbruk i Nord-Tyskland.

Direktøren i tyske Ilim Timber var sjølv til stades på Kaupanger måndag. Verksemda har ein kapasitet på 2,2 millionar kubikk.

Carsten Doehring

STORIMPORTØR: Carsten Doehring kom frå Tyskland for å vere

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg trur det er eit viktig steg for den norske tømmerindustrien. Vi er ein av dei større kundane for eksport av tømmerstokkar. Kostnader knytt til logistikken er eitt av dei store hindera vi har. Dette anlegget vil hjelpe til å redusere kostnadene, seier administrerande direktør Carsten Doehring.

Dårlege vegar og kaier

Jan Ivar Rødland, leiar i interesseorganisasjonen i Skognæringa Kyst, er glad for lovnaden frå Listhaug.

Berre i Sogn og Fjordane gjekk hogsten frå 33.000 kubikk i 2011 til 180.000 kubikk i 2013. Det svarar til kring 4.600 trailerlass. Mykje av årsaka er nedfall etter orkanen «Dagmar».

I fjor vart det teke ned 155.000 kubikk hogstmoden skog.

Tømmer på kaien i Kaupanger

AUKAR: I fjor vart det teke ned 155.000 kubikk hogstmoden skog, men dårlege vegar og kaianlegg har vore ein flaskehals.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Problemet har vore for dårlege kommunale vegar, for dårlege fylkesvegar og for dårlege kaianlegg. Det et opp heile gevinsten som vi kan gi tilbake til skogeigarane. Viss ikkje skogeigarane får betalt for tømmeret, vil dei ikkje drive tømmerhogst. Derfor er det viktig å få opp infrastruktur slik at vi kan vere konkurransedyktige.

26 arbeidsplassar

Prosjektet er første av fleire nye kaiprosjekt som skal realisere verdien i tømmerressursane frå skogreisingsprosjektet på Vestlandet.

– No er det løyvd 22 millionar kroner i 2015 til nye tømmerkaier. Denne regjeringa har også nesten dobla løyvingane til skogsbilvegar, som også er viktig for å få tømmeret ut av skogane. Dette er ei næring som vi satsar på, fordi vi ser at det er eit stort potensial til å skape arbeidsplassar i distrikta og store verdiar.

– Er det verdt å bruke så mykje pengar på 26 arbeidsplassar i Sogn og Fjordane?

– Det er det. Alternativet er at skogen som står rundt om på Vestlandet vil rotne på rot. Det vil verken gi arbeidsplassar eller inntekter.