Hopp til innhold

Open kyrkje for å minnast trafikkoffer

Nyttårsaftan blir det open kyrkje i Breim etter den tragiske trafikkulukka i Jølster 2. juledag.

Breim kyrkje

OPA KYRKJE: Breim kyrkje opnar nyttårsaftan dørene for å minnast og vise medkjensle overfor dei pårørande etter trafikkulukka i Våtedalen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Anders Jakob Raad (73) og Solveig Oddny Raad (75) frå Byrkjelo frå Byrkjelo var blant dei tre som omkom i frontkollisjonen på E39 i Våtedalen.

Kyrkja blir open frå klokka 13 til 15 nyttårsaftan.

– Vi ynskjer å gi folk ein stad dei kan samlast og minnast dei omkomne, og vise vår medkjensle overfor dei pårørande, seier sokneprest Tore Myklebust.

Samlingsstad

Samkomet startar klokka 13 med nokre korte velkomstord og ei kort minnemarkering med musikk, salmar, skriftlesing og bøn kring klokka 1415.

Dei som kjem får høve til å tenne lys, gi helsing i ei minnebok, lytte til musikk og samtale med andre. Soknepresten trur det kan gjere godt å dele fellesskapen etter så tragisk hending.

– Alt av arrangement i Breim er avlyst nyttårshelga, og vi tykkjer då det kan vere greitt at kyrkja er open nokre timar, seier Myklebust.

– Bygda er prega

Sokneprest Myklebust, diakonmedarbeidar Britt Randi Heggheim og organist Anders Rinde har ansvaret for Open kyrkja.

– Er bygda prega av ulukka?

– Det pregar bygda. Det er sjølvsagt ulukka som er samtaleemne når folk møtast. Det legg ein dempar på stemninga i ei tid som skulle vore lysteleg.

I tillegg til ekteparet frå Breim, omkom Arvid Flølo (43) som var busett på Vassenden i Jølster. Ein 49 år gamal mann og ein ni år gamal gut vart skadde, men overlevde ulukka. Politiet har førebels ikkje kunne seie noko om omstenda kring ulukka.

Ekteparet frå Byrkjelo blir gravlagde i Breim kyrkje fredag.