Hopp til innhold

Ny stein datt ned på fylkesveg

Ei ny stor, steinblokk har deisa ned i vegbana på fylkesveg 610 i Viksdalen.

Steinblokk i vegen ved Matbjøra

DATT NED: Tidlegare i dag rasa denne steinblokka ned i vegbana på fylkesveg 610 ved Matbjøra i Viksdalen.

Foto: Privatfoto

Også i føremiddag rasa det ned ei stor steinblokk på fylkesvegen ved Matbjøra.

– Det har kome ned meir stein no i ettermiddag, fortel ein NRK-tipsar, som opplyser at ein trengde kran for å fjerne steinen som datt ned tidlegare i dag.

Området ved Matbjøra i Viksdalen er kjend som eit rasfarleg område.