I natt kraup temperaturen i den 14 mål store morellhagen til Anders Voll Eltun på Tønjum i Lærdal ned under minus to grader. Hadde det ikkje vore for den vesle dottera som vakna og ikkje fann smokken sin, kunne store avlingar ha blitt øydelagt.
Dottera blei berginga
– I går kveld skya det over, så eg tenkte at det ikkje kom til å bli nattefrost. Men då eg stod opp for å hjelpa minstejenta til å få sova att, var det blitt kaldare enn eg sette pris på, fortel Voll Eltun.
Morellbonden klarte ikkje å roa seg ned att, og i tretida køyrde han bort til hagen og drog ut plasttaka som skal hindra frostskader.
– Det blei truleg berginga. Eg har opna nokre morellblomar, og dei ser framleis friske ut.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Rekordsesong?
I Lærdal står fleire millionar kroner i morellomsetnad på spel i desse dagane.
– I fjor reknar me med at morellbøndene fekk øydelagt 100 tonn avling på grunn av nattefrost. Det svarar til fleire millionar kroner i tapt omsetnad. Så dette er alvorleg, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt, ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal.
Blaaflat Mundal ser føre seg ein ny ny rekordsesong for morellar, dersom bøndene greier å koma seg gjennom dei kritiske komande kaldnettene.
– Me reknar med å klara 250 tonn, dersom me har klaff på alle frontar, seier han og fortel at det i kveld kjem ein lastebil med 5000 morelltre, som skal plantast ut i hagane i Lærdal dei næraste dagane.
Plasttak og gassvarmar
Trass i ei rekkje tiltak mista Anders Voll Eltun i fjor åleine mellom åtte og ti tonn morellar på grunn av nattefrost. Plasttaka er difor dregne ut over morelltrea denne aprildagen.
Taka, som eigentleg blir trekte ut under innhaustinga for å hindra at morellane får vatn på seg og sprekk, er eitt av tiltaka bøndene i Lærdal gjer for å halda temperaturen oppe om natta.
Eltun har òg kjøpt ein gassvarmar, som skal blåsa varmluft 40-50 meter rundt i hagen. Dette skal få temperaturen i feltet til å stiga over den kritiske grensa på minus 1,7 grader. I tillegg vatnar nokre bønder morellblomane, slik at dei frys til is og gir frå seg varme og blir berga på den måten.
Men den avgjerande hjelpa i natt, fekk Eltun altså frå veslejenta i familien.
– Når eg skal henta henne i barnehagen, får eg prøva å forklara henne at ho har vore med og hjelpt til, og eg skal sjølvsagt takka for hjelpa, smiler den 36 år gamle pappaen.