Hopp til innhold

Falsk russ, slåsting og sakna jente

Natt til 1. mai er starten på russefeiringa, og ofte ei travel natt for politiet. Denne utgåva starta med ein mann som ikkje klarte å leggje vekk ungdomen i seg.

For like før midnatt melde politiet at ein mann i 20-åra vart vist vekk frå russefesten på Sanden i Naustdal. Han hadde kledd seg ut som svartruss.

Ikkje lenge etterpå vart ein faktisk ungdom vist vekk frå same stad, etter å ha vore involvert i slåsting. Guten ville ikkje høyre på politiet sine beskjedar og blir difor politimeld. Han vart køyrd heim.

Når klokka nærma seg 01.00 måtte politiet ta hand om ein overstadig rusa, mindreårig gut. Noko seinare måtte politiet ta seg av ein annan rusa gut på Sanden, denne i slutten av tenåra.

I Sogndal køyrde ein mann ned eit gjerde. Politiet mistenkjer promillekøyring, og tok bilføraren med for å ta blodprøve og førarkortet frå han. Same stad, i Sogndal, vart politiet varsla om slåsting ved ein serveringsstad. Då politiet kom, roa situasjonen seg.

Taxisjåførar har ikkje alltid ein like lett jobb. I Førde måtte ein sjåfør kontakte politiet fordi ein mann i 20-åra var ufin. Politimelding blir vurdert.

Lenger nord i fylket, nærmare klokka 03.00, måtte politiet i Eid be to rusa gutar i slutten av tenåra beskjed om å halde seg vekke frå Malakoff resten av natta, etter at dei hamna i klammeri med kvarandre.

Mest dramatisk var meldinga som kom rundt klokka 02.30, då politiet fortalde om ei sakna jente i Eid kommune. Ho møtte ikkje opp som avtalt etter russearrangementet på Malakoff var slutt. Politiet og Røde Kors vart varsla, men nærmare ein time seinare fann vener jenta på ein buss, i god behald.

Operasjonsleiar hjå politiet, Wenke Hope, fortel likevel om ei roleg russenatt i forhold til vanleg.