Hopp til innhold

Vann fram med anken i lagmannsretten

May Britt Hovland frå Årdal har kjempa ein lang kamp i retten for å bli trudd. No trur også lagmannsretten på ho og anka frå Staten vert forkasta.

Montasje May Britt Hovland
Foto: privat/Scanpix

May Britt Hovland vart i 1993 jaga ut av kontoret til fastlegen sin i Årdal med orda «Du er hypokonder»

I 2011 vann Hovland i Oslo tingrett, og det vart påvist årsakssamanheng mellom helsetilstanden hennar og ei vaksine ho tok i samband med eit statleg vaksineforsøk mot hjernehinnebetennelse.

Forkasta anken

Pasientskadenemnda vart pålagt å betale May Britt sine sakskostnader på 250.000 kr etter saka i tingretten, men anka dommen til Borgarting lagmannsrett. Forhandlinga blei halde i starten av mai i år.

Lagmannsretten finn forklaringa til Hovland truverdig. Også dei meiner det kan vere ei årsakssamanheng mellom ME-sjukdomen og vaksinen ho tok i 1991.

Hovland har vunne saka over staten og har i utgangspunktet krav på full erstatning for sine sakskostknadar, står det skrive i domen.

Staten ved personskadenemnda må betale 286 589 kroner til Hovland innan to veker frå forkynninga av domen.

Blei sjuk av vaksine

Hovland er opphavleg frå Naddvik i Årdal, men er no busett i Trondheim.

I 1991 fekk den då 17 år gamle May Britt Hovland vaksine gjennom eit statleg vaksineforsøk mot hjernehinnebetennelse som gjekk føre seg i perioden 1988–1994.

Forsøket omfatta om lag 180 000 elevar i ungdomsskulen der 150 00 ungdomar fekk vaksinen,

Kort tid etter vaksinen starta eit langvarig mareritt som langt på veg har øydelagt livskvaliteten hennar.

Først mange år etter vaksinasjonen fekk Hovland mistanke om at helseplagene hennar kunne ha ein samanheng med vaksinen. 15 år etterpå, i 2006, vart det fastslått at ho lir av kronisk utmattelsesyndrom.

Hovland sette sidan krav om erstatning for Norsk Pasientskadeerstatning (PSE), der ho hevda at lidinga var løyst ut av vaksinen. PSE avslo kravet i 2007. Sidan klaga Hovland vedtaket over på Pasientskadenemnda (PSN) som oppretthaldt avslaget.

I 2007 la Staten seg flat og vedgjekk at dei har svikta deltakarane i vaksineforsøket, men sidan har det ikkje skjedd noko, bortsett frå at May Britt vann fram i tingretten 2011.

Dommen slo fast at vaksinen mot hjernehinnebetennelse var årsaka til at ho fekk ME. No har også Lagmannsretten komme til same konklusjon.