Hopp til innhold

Må i fengsel setter utelivsvald

Ein mann i byrjinga av 40-åra er dømd til 36 dagar fengsel etter vald på ein utestad i Indre Sogn.

Det var i oktober i fjor at tiltalte slo ein mann i ansiktet med knytt neve. Seinare same kveld, ute på gata, spente han same mann to-tre gonger i låret medan fornærma låg nede.

Tiltalte, som er tidlegare ustraffa, har erkjent valdsbruken.

– Grov vald

Sogn tingrett legg i skjerpande retning vekt på at det dreier seg om vald utført i rusa tilstand, i det offentlege rom. Vidare legg retten vekt på at tiltalte slo med knytt han mot fornærma sitt ansikt inne på ein offentleg utestad, og at sparka blei gitt mens tiltalte låg nede på bakken, og at tiltalte utøvde valden i lag med ein annan person.

– Valden må karakteriserast som grov, sjølv om ein legg til grunn at verken slag eller spark var utført med stor kraft, skriv tingrettsdommaren.

Må sone

Fornærma slapp unna episoden med blåmerker. Retten finn likevel at det må reagerast med fengselsstraff, og ei ein fersk tilståingsdom frå Sogn tingrett er sogningen dømd til 36 dagar i fengsel utan vilkår.