Fleire eldpåsetjingar i Olden er oppklara. - FLEIRE TILFELLE: Både eit rastebord og bordkledningen til ei leikehytte og ballbingen hadde svimerke etter ungdomane sin leik med flammar og bensin. - Foto: Politiet /

FLEIRE TILFELLE: Både eit rastebord og bordkledningen til ei leikehytte og ballbingen hadde svimerke etter ungdomane sin leik med flammar og bensin.

Foto: Politiet

Leika seg med bensin og flammar

Ungdomar har erkjent å fleire tilfelle av eldspåsetjing. Mellom anna ved hjelp av bensin under tak ved Olden skule.

Politiet har oppklara dei fire eldspåsetjingane ved Olden skule i påska.

I same renna vedgjekk elevane fleire tilfelle av eldspåsetjingar enn dei fire hendingane som politiet etterforska.

– Elevane erkjente å ha brukt bensin for å tenne på båla. Ungdomen gir uttrykk for at dei har skjønt alvoret i saka, seier politiførstebetjent Vidar Stavik til avisa Fjordingen.

Tende på bord

Både politi og rektor ved skulen såg alvorleg på det som skjedde i påska.

Då vart det sett fyr i ein bossdunk, svidd på bordkledningen til ein ballbinge og ei leikehytte, samt sett fyr på eit rastebord under takoverbygget ved inngangsdøra til skulen.

– Dersom det viser seg at elevar ved skulen står bak, har både skulen og foreldra ei oppgåve framføre seg, sa rektor Reidar Bruland og då prisar seg lukkeleg over at flammane ikkje tok tak.

No har altså fleire elevar ved skulen, saman med foreldre, vore inne til avhøyr.

Lagt vekk

Lensmann i Stryn, Robert Hjelmeseth, seier til NRK.no at saka, sidan dei involverte er under den kriminelle lågalder, ikkje er noko sak for påtalemakta. Difor innstiller politiet på å legge vekk saka, men barnevernet er rutinemessig varsla.

Rektor Bruland seier til avisa at skulen vil følgje opp saka i form av samtalar med dei involverte elevane. Politiet vil kommande veke besøke skulen for å orientere kvar einskild klasse.

– All uvettig bruk av flammar har farepotensial, så ein skal ikkje bagatellisere alvoret i saka, seier lensmann Robert Hjelmeseth til NRK.no.

Sjekker norskekysten for ålegras
Det lokale brannvesenet får skarp kritikk etter brannane i Lærdal og Gudvangatunnelen. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner dei ikkje var organisert for leia og handtera det heile. Men konklusjonen til direktoratet møter motstand i Lærdal.
Cruisenæringa har ført til protestar frå lokalbefolkinga i Flåm.