Hopp til innhold

Snø og dårleg føre mange stader i fylket - vogntog står fast på fylkesveg 57

No i morgontimane har det byrja å snø mange stader i låglandet. Fylkesveg 57 er stengdnokre kilometer frå Bygstad grunna ein lastebil som står fast.

Brøyting Høyanger

KVITT PÅ KVITT: I Høyanger er dei i full gong med brøyting tysdag morgon.

Foto: Instagram-tipsar

Frå lyttarar og lesarar får vi no meldingar om tett snøfall, glatte vegar og problem i trafikken.

Klokka 06.30 fekk NRK melding frå ein bilist om at ein lastebil sperrar vegbana på fylkesveg 57. Den nederlanske lastebilen har køyrt seg fast oppetter ein fjellhammar, mellom Bygstad og Yndestad.

– Kor lenge bilen har stått der veit vi ikkje, men her er fleire som no vel å køyre rundt, opplyser meldar.

Det skal vere passasje for mindre personbilar på staden. Førde bilberging er på veg til staden, men dei har hatt ei rekkje oppdrag no i morgontimane.

– Vi er i Bygstad no, men vi har og hatt oppdrag med å trekkje ein renovasjonsbil opp frå grøfta ved Perhaugen på Bringeland, opplyser Arild Tistel i Førde Bilberging til NRK.

Tistel opplyser vidare at vegen kan bli stengd lenge. Politiet er også no på staden.

Korleis er veret der du er nett no? Send oss gjerne bilete av snø og vertilhøva på sf til 1987, sf@nrk.no, Facebook eller Instagram merka med #nrksf

Politiet opplyser til NRK klokka 06.40 at dei har fått melding om glatt veg på vestsida av Naustdalstunnelen. Dei har og fått melding om at ein bil har snurra på glatta på E39 i bakkane opp frå Førde. Bilbergar har no fjerna denne bilen.

Fleire av dei som lyttar til morgonsendinga melder om at snøen no legg seg på vegar og bøar. I Førde og andre stader har brøytebilane sett i gong arbeidet sitt.

Frå heile fylket melder lyttarar og lesarar om vanskelege køyreforhold.

Snø i Førde

DET SNØR! No i morgontimane lava det ned våt snø mange stader i fylket. Også her utanfor NRK-huset i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Snø i Botnane

SNØ PÅ KYSTEN: Slik såg det ut på marka i Botnane i Bremanger no i dag tidleg.

Foto: MMS-tipsar
Magnhildskaret

GLATT: Det er snøføre og glatt i Magnhildskaret på fv 614.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK