Hopp til innhold

Her vart lastebilen liggande

Ein semitrailer har natt til tysdag køyrt av vegen på E39 mellom Langhogane og Eikås i Jølster.

Ein semitrailer køyrde natt til tysdag i grøfta på E39 mellom Langhogane og Eikås i Jølster.

HER GJEKK DET GALE: Semitraileren vart liggjande godt ute i grøfta etter trafikkuhellet i natt. Ved 07-tida var bilbergarar i ferd med å få bilen på vegen att. (FOTO: Marte Halsør).

Vegtrafikksentralen fekk melding om utforkøyringa ved 04.30-tida natt til tysdag. Politiet har tysdag morgon ikkje fått melding om uhellet, og det er truleg ikkje snakk om personskade.

Den norskregistrerte semitraileren vart liggjande godt planta ute i grøfta, og har ikkje vore til hinder for anna trafikk.

Like før klokka 07 er bilberging på plass. Det er ein del jobb som må gjerast før ein kan starte med sjølve bergingsjobben. Ei gravemaskin er mellom anna kome til staden og reinskar opp grøfta.

Semitraileren ligg ute i ei myr, og ein må leggje pukk i grøfta for at bilbergingsbilen skal kome til. Like over klokka 08 jobbar ein framleis med forarbeidet for sjølve bergingsjobben.

I samband med at bilen skal bli berga må vegen stengje. Dette vil ta tid, og det er då krav om at politiet skal vere på plass for å dirigere trafikken. Politiet opplyser klokka 10.20 at dei truleg vil ha ei patrulje på plass rundt klokka 12.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER

Semitrailer køyrde av vegen på E39 i Jølster

LEGG PUKK: Det er mykje arbeid som må til for å berge semitraileren som vart liggande i grøfta på E39 i Jølster natt til tysdag.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Semitrailer køyrde av vegen på E39 i Jølster

MYR: Bilen vart liggande i ei myr like ved E39.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Bilberging av semitrailer på E39 i Jølster

FORARBEID: Like over klokka 08 arbeidde mannskap med å gjere klart til bilberging.

Foto: Oddleif Løset / NRK