Hopp til innhold

Brannen på bossplassen på Kaupanger er sløkt

Brannen på SIMAS sitt avfallsanlegg på Kaupanger fredag ettermiddag, vart sløkt utpå kvelden.

Grovavfall tok fyr på Simas sitt søppelanlegg på Kaupanger

SLØKKING PÅ GANG: Det brann kraftig i grovavfall på bossplassen på Kaupanger då brannvesenet kom til staden. Foto/redigering: Christian Blom

Klokka 17.25 meldast det om at det er boss som brenn, men ingen bygg skal ha teke fyr. Brannvesenet venta då på ein tankbil frå Leikanger.

Brannvesenet ga seg med ettersløkkinga rundt klokka 22.15. Tilsette ved SIMAS har vore på anlegget i natt med slangar og vatn tilgjengeleg i tilfelle det skulle blussa opp att.

Det var ikkje fare for spreiing

– Det var eit kraftig bål i området for grovavfall og det går mykje vatn med, men vakthavande på staden seier det ikkje er fare for spreiing, seier Magni Brandsøy ved alarmsentralen til NRK.

Årsaka til brannen er ukjend.

Skulle brennast uansett

Brannsjef i Sogn brann og redning IKS, Johnny Skjerping, seier dei truleg vil halde fram med ettersløkking i alle fall nokre timar til. Deretter vil dei vurdere om dei skal ha brannvakt på staden utover kvelden.

– Vi har hatt kontroll lenge, men det er lett for at det kan blusse opp att. Så no spylar vi samstundes som vi grev opp med gravemaskin, seier han.

Brannvesenet har hatt rundt tolv menn i arbeid på bossplassen. Avfallet som tok fyr er brennbart restavfall som etter det Skjerping forstår uansett skulle ha blitt frakta vekk for å brennast.

Brann på bossplassen på Kaupanger

MYKJE RØYK: Det har gått mykje vatn med i sløkkingsarbeidet.

Foto: Christian Blom / NRK