Hopp til innhold

Køyrde turistbuss med promille

Føraren av turistbussen hadde køyrt frå Voss til Flåm då han vart stoppa av politiet mistenkt for promillekøyring.

Flåm stasjon

STOPPA i FLÅM: Sjøføren av turistbussen tilstod å ha køyrt med promilla då han vart stoppa av politiet (arkivfoto)

Foto: Merete Høidal / NRK

– Vi fekk melding frå Hordaland politidistrikt i dag tildeg om at det var ein bussjåfør som kunne vere påverka av alkohol. Han køyrde i retning vårt distrikt, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt Odd Arve Solvåg.

Ein politipatrulje vart sendt til Flåm, og der vart den utanlandske bussjåføren stoppa. Sjåføren hadde ein promille på godt over 0,4, og politiet kverrsette førarkortet.

Over 20 passasjerar i bussen

– Politiet fekk stadfesta mistanken om at sjåføren var påverka av alkohol. Sjåføren vart teken med til lege for blodprøve, seier Solvåg.

Det var i overkant av 20 passasjerar i bussen.

– Det er heilt uakseptabelt på lik linje med alle andre som køyrer i alkoholpåverka tilstand, seier Solvåg.

– Er dette noko ein reagerer sterkare på når det er ein buss med passasjerar?

– Det får vere opp til påtalemakta å avgjere reaksjonsform.

Sjåføren har tilstått

Sjøfaren blir lauslaten i dag og køyrt til Flåm av lensmann i Årdal Magne Knudsen.

– Av og til har vi slike hendingar der sjåførar av bussar og vogntog har nytta alkohol. Det er katastrofe viss det skulle skje noko, seier Knudsen.

– Kva har sjåføren sjølv forklart?

– Eg kan ikkje gå i detalj om kva han har forklart. Men har tilstått alt, seier Knudsen.