Politiet har så langt ikkje fått beskjed om at dei sakkunnige har behov for å utvide observasjonstida av den 30 år gamle sikta mannen.
Måndag blir mannen overført frå St. Olavs Hospital til Bergen kretsfengsel. 1. mai presenterer dei sakkunnige konklusjonen av sine observasjonar.
– Deretter startar arbeidet med å ta ut tiltale, seier politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes.
Har bedd om fire nye veker varetektsfengsling
Asylsøkjaren frå Sør Sudan har sidan midten av januar vore til psykiatriske observasjonar ved sjukehuset i Trondheim.
Han er sikta for å ha teke livet av tre personar om bord på Valdresekspressen i byrjinga av november i fjor.
Politiadvokat Førde Refsnes seier til NRK at dei har bede tingretten om fire nye veker varetektsfengsling, med brev- og besøkskontroll.