Ulykke Grov - KRAFTIG SMELL: Dei to bilane fekk store materielle skadar. - Foto: Truls Kleiven / NRK

KRAFTIG SMELL: Dei to bilane fekk store materielle skadar.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Trafikkulykke mellom Førde og Florø

Ein bil fekk sleng på glatta og small inn i ein annan bil ved Grov på riksveg 5 mellom Førde og Florø. To personar er sende til lege for helsesjekk.

Ulykka skjedde i 14-tida då den eine bilen fekk sleng og kom over i feil køyrefelt på riksveg 5 ved Grov.

Det sat to personar ein Opel Vectra som køyrde i retning Eikefjorden. I den andre bilen var det ei kvinne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulykke Grov - GLATT: Vegen var glatt då denne bilen fekk sleng og hamna i feil køyrefelt. - Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

GLATT: Vegen var glatt då denne bilen fekk sleng og hamna i feil køyrefelt.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

To personar er sende til legevakta i Florø med ambulanse for legesjekk. Det er snøføre og glatt på staden. Saka vil bli vidare etterforska av Flora politistasjon.

Ingvar Ambjørnsens "Dukken i taket" vert spelt inn i Fjærland i desse dagar.
Førde ønskjer å vere ein sykkelby, men er det slik?
Jostein Avdem Fretland frå Lærdal sit i leilegheita i London. Her har han brukt mykje tid på omsetjinga av den italienske operaen «I Puritani». No skal den setjast opp på Opera Nordfjord på nynorsk.