Hopp til innhold

Her kan du måtte betale for å gifte deg

I Vågsøy kan folk om ei tid måtte betale for å få døypt og konfirmert borna sine, og giftarmål i kyrkja kan og få ein prislapp. Kyrkjeverje Anne Gry Fløien seier til avisa Vårt Land at dette no blir vurdert.

Sør-Vågsøy kyrkje - interiør

AKTUELT MED BETALING: I Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy blir det vurdert å ta betalt for kyrkjelege handlingar.

Foto: Arild Nybø / NRK

Ho har fått mandat frå soknerådet om å vurdere å prise ein del av tenestene kyrkja gir. Ho har fått innspel om at det bør bli aktuelt å betale for dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd.

– Det er ikkje noko hyggeleg å tenke på brukarbetaling, men vi er nøydde til å ta debatten. For alle kyrkjelege hendingar kostar, og spørsmålet er korleis vi skal dekke det inn, seier Anne Gry Fløien.

I dag må du betale dersom du gifter deg i ei anna kyrkje enn den du soknar til, medan det er gratis i di lokale kyrkje.

Kulturminister Thorild Widwey seier til Vårt Land at ho ikkje vil seie korleis ho meiner kyrkja skal finansierast i framtida, men i eit notat har regjeringa reist spørsmålet om medlemsfinansiering, i tillegg til statlege og kommunale pengar.

Ho seier det inntil vidare er ansvaret til kvar einskild kommune å løyve nok pengar til at kyrkjelydane kan utføre oppgåvene sine.