– Eg er letta no, og eg er letta over at vi klarte å få eit skikkelege fleirtal for eigedomsskatt i Selje kommune. Det er utruleg viktig for at vi i heile tatt skal klare å bevare tenestetilbodet til innbyggarane i kommunen, seier ordførar Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste).
Budsjettforslaget fremja av Sp og H, fekk fleirtal for å innføre skatt på private bygg - unnateke er næringsbygg, verk og bruk.
For det var ikkje sjølvsagt at ein skulle får fleirtal for framlegget om eigedomsskatt i Selje, som fram til no har klart seg utan. Framstegspartiet har vore klart i mot, og har tidlegare uttalt at dei ville røyste mot i kommunestyret, sjølv om også dei røysta for då saka var oppe i formannskapet.
LES OGSÅ:
Store kutt eller eigedomsskatt
Kommunepolitikarane i Selje hadde måndag valet mellom å innføre eigedomsskatt eller kutte dramatisk i tilbodet til innbyggarane. Blant kutta som har vore nemnde er Flatraket skule, Hove aktivitetssenter og omsorgssenteret.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Utsiktene til slike kutt gjorde at Høgre i Selje vart med på å reise ei framlegg saman med Senterpartiet som innebar eigedomsskatt.
– Det kjennest ikkje noko særleg, men som eg sa under handsaminga, så er eg avhengig av å kunne rekne heim tala, og det greidde eg ikkje å få til utan eigedomsskatt. Vi kunne nok få det til å balansere på eit vis, men konsekvensane ville blitt altfor store, seier høgrepolitikar Kenneth Brandal.
Med vedtaket måndag unngår den hard pressa kommunen dei store kutta dei stod overfor, dersom dei ikkje hadde valt å innføre eigedomsskatt. Det er ikkje minst ordførar Ottar Nygård svært nøgd med.
– Eg er og glad for at det var Høgre og Senterpartiet som fekk høve til å fremje framlegget, som vi har hatt tidlegare, at dei tok den hansken og at vi berga desse strukturane, det er svært glad for.
Kuttar i administrasjonen
Men heilt utanom kutt kom dei likevel ikkje. Administrasjonen blir slanka med 1,5 millionar kroner, noko også innbyggarane kjem til å merke.
– Det vil vi nok få merke over tid. Ikkje minst vil dei som vert sittande igjen i administrasjonen få merke på kroppen.
Nygård syner til at administrasjonen i Selje i dag ikkje er stor i utgangspunktet og at når ein kuttar der kjem til å gå ut over tilbodet til innbyggarane.
– Vi må nok rekne med lenger sakshandsamingstid, og vi vil få problem i forhold til interkommunale avtaler, samarbeid og slike ting, Vi har ikkje så mange ressursar å sette på ting lenger. Dette blir krevjande.
Ikkje skrive i stein
I Høgre er Brandal oppteken av at sjølv om dei no innfører eigedomsskatt, så betyr ikkje det nødvendigvis at ordninga kjem til å vare for evig. Han meiner at dersom kommuneadministrasjonen og andre impliserte gjer sin del av jobben ved å halde budsjetta, så er kommune på rett kjøl igjen om to til to og eit halvt år.
– Då kan vi velje om vi vil behalde eigedomsskatten på to promille eller fjerne den. Her er mange moglegheiter, og det er opp til det til ein kvar tid sittande kommunestyret å bestemme dette.