Hopp til innhold

Her er det ikkje rom for anna enn country

Når det er countryfestival er det strengt forbode å høyre på anna musikk enn nettopp country. Det meiner i alle fall nokre av gjestane på festivalen.

Glimt frå årets countryfestival på Breim.

STEMNING: Sjå glimt frå årets countryfestival på Breim. Vidar Solheim er ein av dei som lenge har sett fram til helga. Foto/redigering: Runar Sandnes

Trass i dårleg vêr i siste del av festivalhelga, har det vore god stemning på countryfestivalen på Breim. Her kan du sjå både video og bilete frå festivalhelga.

Laurdag var Hellbillies det store trekkplasteret, men også mange andre artistar var med å setje preg på festivalen, blant anna Rita Eriksen og Gene Watson.

Og når ein er på countryfestival, ja, då skal det berre vere countrymusikk frå høgtalarane, meiner Vidar Solheim som er intervjua i videoen over.