Hopp til innhold

Sponsorkroner frå nabokommunen skal berge idretten i Sogndal

Dei vart til slutt redda av naboen, men Jan Erik Weinbach i Sogndal idrettslag seier det ikkje er berre enkelt å jakte sponsormidlar til breiddeidretten.

Signerte sponsoravtalen

NY SPONSOR: Luster sparebank skal vere hovudsponsor for Sogndal idrettslag dei neste fire åra. Her signerer banksjef Oddstein Haugen og Cecilie Thaule Løvlid i Sogndal idrettslag avtalen på ein pressekonferanse i førre veke.

Foto: Jan Erik Weinbach

– Det er ikkje slik at dei står og bankar på døra og trekkjer kølapp for å komme til oss. Det er vi som må ut og vise oss fram, seier han.

Tøft brot etter livslangt partnarskap

Då Sparebanken Vest valde å satse alle sponsorkreftene på fotballen i bygda, vart idrettslaget i Sogndal ståande utan hovudsponsor. Ein sponsor som har følgt dei gjennom ein mannsalder.

– Eg er jo kar, og har høyrt at for enkelte mannfolk, når kjerringa går ifrå dei, så er det veldig uventa. Det vart nesten ei slik oppleving. Det kom som lyn frå klår himmel og vi sat litt sjokka attende, seier Weinbach.

Sogndal IL er det nest største idrettslaget i Sogn og Fjordane med over tusen medlemmer. Både taekwondo- og klatreklubben har vakse så mykje dei siste åra at det er sett stopp for opptak nye medlemmer.

Men slike idrettar kjem i skuggen av bygda sitt profilerte fotballag, når sponsorkronene skal fordelast.

Det var ved forhandlingsbordet i vinter at Sparebanken Vest for seg som generalsponsor for all breiddeidrett i Sogndal.

Letta idrettsleiar

LETTA: Jan Erik Weinbach, styremedlem i Sogndal idrettslag, er glad og letta over at ein ny sponsor er i boks.

Foto: Jan Eric Weinbach

– Har vore dialog

Regionbanksjefen for Sogn og Fjordane i Sparebanken Vest, Tore Dvergsdal, er overraska over at brotet kunne komme så overraskande på.

– Det forstår eg ikkje, for det har vore ein dialog. Det der viktig for oss òg å fornye oss, seier han.

Det var satsinga på fotballen som gjorde at Sparebanken Vest trakk seg ut frå resten av idrettslaget, seier Dvergsdal.

– Det var fordi vi gjekk inn i ein avtale med Sogndal Fotball som er større enn vi har gjort nokon gong. Vi måtte sjå på det totale biletet av det vi var med på i regionen, seier han.

Banken er hovudsponsor for dei tre største fotballklubbane på Vestlandet: Haugesund, Brann og Sogndal. Men Dvergsdal er ikkje med på at sponsorkronene deira i større grad enn før går til toppen av næringskjeda.

– Vi er ganske tungt inne i Tippeligaen, men totalt sett brukar vi meir midlar på breidda og lokalt engasjement, seier han.

Berga av naboen

Berginga for breiddeidrettslaget i Sogndal vart den vesle banknaboen i aust. Luster sparebank signerte i førre veke ein avtale som gjer dei til generalsponsor for Sogndal IL dei neste fire åra.

Med 200.000 kroner i årleg støtte legg han meir pengar på bordet enn det Sogndal IL fekk ut av den gamle avtalen.

– Vi meiner at breidda er veldig viktig. Det er mykje ungdom som er med i idrettslaga og det er ei sentral målgruppe for oss, seier banksjef Oddstein Haugen.

Banksjefen seier dei får mykje att av sponorkronene. Samtidig oppmodar andre i næringslivet til å støtte opp breiddeidretten.

– Viss ikkje vi har breiddeidrett, får vi heller ikkje toppidrettsutøvarar, seier han.

Tøff sponsorjakt

Jan Erik Weinbach i Sogndal idrettslag seier dei ofte ser med misunning på sponsormidlane som kjem fotballen til del.

– Idrettslaget er stolte av fotballaget. Sogndal hadde ikkje vore Sogndal utan fotballaget. Men eg er også overbevist om at fotballen er ikkje det same utan eit idrettslag. Du må ha breidde.

– Det er klart at når det går så store summar til toppidretten, så skjeglar me litt til dei beløpa. Vi har ikkje slike tal, seier Weinbach.

Dei fleste som jobbar i kulissane for breiddeidretten har andre jobbar i tillegg. Idrettsvervet krev sine timar.

Weinbach understrekar at han kort fartstid som sponsorjeger, men har gjort seg nokre tankar om kva som skal til for å lukkast, utanom tid og hard innsats.

– Det er viktig å ha tru på det ein driv med. Det neste er å tora å ta steget ut og visa fram det ein har. Så må ein rett og slett berre gå i dialog, seier han.