Hopp til innhold

Hylla poteta med Jordeplerock

For aller første gong blei festivalen Jordeplerock i Lærdal arrangert.

Bakgrunnen for festivalen er at det var mykje negativt fokus i kommunen i 2011. Ungdommar i bygda fekk ein halv million kroner frå kommunal- og regionaldepartementet i bulystmidlar og ut frå dette blei potetfestivalen ein realitet.

320 menneske deltok på arrangementet fredag, medan 510 deltok laurdag.

Berre lokal mat

Med artistar som Olav Stedje, Longhorn, NRWY og DJ Broiler, har dei prøvd å finne musikk som passar mange.

– Vi har hatt køntri, rock og pop. Målet var ei god blanding, difor har vi valt litt forskjellige seier Anna Gjesdal som er artistansvarleg.

I løpet av helga har det berre blitt servert lokal mat. Maten har vore ulike potetrettar med poteter frå Lærdal, kjøtet er frå Flåm og juicen frå Sogndal.

– Poteter er jo eit kjenneteikn for Lærdal og det spelar vi på, Vi har også hatt parade med traktorar og har henta inn mange lokale artistar, fortel festivalleiar Helge Evensen Bjørkum.

Trur på ny festival

Mellom dei mange frivillige har fylkesordførar Åshild Kjelsnes og kommunalminister Liv Signe Navarsete trådd til.

– Bulystmidlane kjem frå departementet til Liv Signe. I tillegg er ho frå Lærdal og er også bonde. Både ho og Åshild er viktig å ha med som frivillige, seier han.

Det er ein ung gjeng som står bak årets festival. Dei fleste er frå 1995-kullet og er elevar ved vidaregåande skular. Men trass ung alder, tykkjer dei at det har gått veldig bra å arrangere festival.

– Det har vore mest utfordande i forhold til skule og lekser. Det har også vore utfordrande å skulle finansiere ein festival. Men dette er ein festival basert på optimisme, så vi er heilt sikre på at det blir Jordeplerock neste år også, seier han.