Hopp til innhold

Hus brann ned til grunnen

Eit hus brann ned til grunnen ved Steinhovden i Flora kommune i natt.

Brann Eikefjorden

TOTALSKADD: Huset brann ned til grunnen. Det var ingen personar i huset.

Foto: NRK-tipsar

Både brannvesen og politi og ambulanse rykte ut etter melding om husbrannen i natt.

– Vi fekk melding om eit hus som stod i full fyr, ei mil frå Eikefjord sentrum, seier vaktleiar Kolbjørn Øvrebotten.

Alarmsentralen fekk melding frå ein nabo av huset klokka 02.02

Ingen skadde

Huset var ikkje til å redde.

– Huset er totalt nedbrent. Brannvesenet held på med ettersløkking på staden. Det vil vi halde på med nokre timar til.

Til alt hell var det ingen personar i huset då brannen starta, og ingen er skadd i hendinga.

– Eg har forstått det slik at det er folk som har tilhald i huset, men dei må antakeleg vere bortreist, seier Øvrebotten.

Var fare for spreiing

Det var på eit tidspunkt fare for at brannen skulle spreie seg til eit fjøs i nærleiken. Men brannvesenet greidde å hindre spreiing.

– Jobben var å få kontroll slik at flammane ikkje spreidde seg til fjøsen. Det var litt fyr i graset, men vi kom på plass og fekk starte med sløkking og avgrensing, seier Øvrebotten.

Årsaka til brannen er ikkje kjend. Ifølgje politiet blir saka etterforska av Flora politistasjon.