Innsendt av Kari Anne Brekke frå Bjordal
* 3/4 kg grytekjøt
* evt litt bacon
* 3/4 l vatn
* 2 ss tomatpure
* 2 ss kveitemjøl
* 2 dl naturris, evt vanleg middagsris
* 1 tomat
* 1/4 raud og 1/4 gul paprika
* 1 boks mais
* timian
* salt
* pepar
* chilipulver
Skjer kjøtet i strimlar og brun dei i varm panne. Brukar ein bacon, brun dette, og. Bland 2 dl vatn med kveitemjøl og tomatpure og rist dette før du blandar det med resten av vatnet i gryta. Ha i ris, salt og pepar og kok risen etter det som står på pakka. Rør av og til. Del opp tomat og paprika i bitar. Tilset kjøtet når det er att ca 10 minuttar av koketida til risen. Det er viktig at kjøtet ikkje kokar for lenge, da vert det tørt! Tilset tomat og paprika mot slutten av koketida. Smak til med evt meir salt og chilipulver.
Vi et dette utan tilhøyr, men det er sikkert godt med loff og ein salat til.