Hopp til innhold

Hjorteoppskrift: Hjortekjøt som laurdagskos

Innsendt av Ellen-Marie Rokstad frå Holmedal

Kutt opp hjortekjøt i små terningar 2x2 cm. Bruk ei steikepanne med lokk. Ha i litt margarin og fres kjøtet raskt opp med grillkrydder, salt og pepar. Slå ned temperaturen til ca 150°C. Tilsett 2 dl vatn. La det stå og småputre i 1½-2 timar. Ta ein liten boks mais og 1 glas sur/søt saus (Onkel Bens) og bland i lag med kjøtet i steikepanna. La alt surre i 5 minutt. Må godt opp på kokepunktet.

Imens kan du lage til grønsakene. Gulrot, blomkål og brokkoli som er delt opp i skiver og bukettar. Kokast, hell av grønsaksvatnet, slå dei over kjøtretten og server alt direkte frå steikepanna.

Attmed kan det serverast spaghetti, ris, eller fersk loff eller rundstykke.